tirsdag 29. september 2009

Digitale tekstar og plagiat - Ei utfordring i skulen?

I utviklinga som internett har gjennomgått dei siste 10-15 åra, har plagiat kome mykje meir på dagsorden for ein lærar. Når elevane arbeider med oppgåver, skriv digitale tekstar og har tilgong til internett, må ein som fagansvarleg stille spørsmål vedrørande eleven har brukt eventuelle kjelder på rett måte.

Dette er inga lett oppgåve. Som lærarvikar ved ein ungdomsskule opplevde eg sjølv at ein elev vart tatt for plagiat og fjusk ved ein skriftleg tentamen. Eleven hadde skrive ut ein tekst frå internett på førehand, og kopierte den. For lærarar som ikkje har tenkt så mykje på denne problematikken, kjem slike meldingar som eit spyd i eigen refleksjonspraksis. Men i dette tilfelle, takka vere årvakne lærarar, vart ugjerninga oppdaga.

I dag er det utvikla plagieringskontrollprogram som lærarar kan nytte seg av i vurderingar av elevarbeid. Eit døme på dette er Ephorus. Dette programmet baserer seg på å søke gjennom internett for å kontrollere om eit dokument er eit kopiert eller om det er avsnitt som er direkte kopiert. Programmet finst i gratisversjon og i betalingsversjon. Sistnemnte, er betre og meir omfattande.

Slike programma er sjølvsagt ikkje nok for å kunne gjere omfattande avgjersler, som til dømes å gi ein elev stryk med grunnlag i fjusk. Men det kan vere eit hjelpemiddel og verkty for læraren.

Læraren har ei avgjerande rolle i å verne om lova om opphavsrett for skapte åndsverk jf. Åndsverklova § 1. Dette må takast på alvor. Samstundes må det vere grenser for kor strengt læraren skal handheve lova. Kan elevane klare å suge alt frå eige bryst?

Læraren bør gi retningslinjer for korleis elevane skal nytte seg av kjelder på internett og informere om kor alvorleg plagiat er. På denne måten vert elevane merksame på problematikken. Dette må ein kunne seie er ein føresetnad for å drive plagieringskontrollar.

----------------------------------------------------------------------

Litteratur:

Ephorus, (URL: http://www.ephorus.no/start - Lesedato: 29.09.09)

Blogg om plagiat, (URL: http://infodesign.no/2007/03/legitimerer-teknisk-plagiatkontroll-en.htm? - Lesedato: 29.09.09)

Åndsverklova, (URL: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html - Lesedato: 29.09.09)

Skulerelaterte læringsressursar på internett

I denne oppgåva skal vi reflektere litt rundt skulerelaterte læringsressursar på internett. Eg tek for meg Gyldendal Multi, og avgrensar meg til den nettportalen, pga. antal ord i bloggen. På denne måten kan ein gå djupare i den aktuelle nettsida.

Før vi tek til på teksten, er det nødvendig å definere sentrale omgrep i bloggen.

Hypertekstualitet: tyder over, og er ein måte å strukturere ein tekst på. Tekst heng saman med anna tekst. Ofte skifter pila seg til ”hansken som peiker” når ein flyttar pila over ein hypertekst. Dette indikerer på at ein kan klikke på teksten, og kome vidare til ei ny side med meir tekst. Også omtala som hyperkopling.

Intertekstualitet: tyder interaksjon, vekselspel eller samspel med noko eller nokon. I vår samanheng vert det særleg brukt om forholdet mellom eleven og datamaskina eller programvaren. Samspelet kan tolkast som stimulus-respons, slik vi kjenner den i behaviorismen i pedagogikken.

Multimedialitet: Multimediale tekstar nyttar fleire medium for å få fram bodskapen sin. Tekst, bilete og lyd er alle like viktige for å få den fullstendige bodskapen sin ut.

Vi skal no sjå at desse omgrepa ofte er knytte saman når det gjeld skulerelaterte læringsressursar på nettet.
Gyldendal sine læringsressursar for Multi, læreverket i Matematikk, finn vi på denne internettsida:
http://www.gyldendal.no/multi/ .

Multi sine nettressursar er laga etter ”Bok+nett-prinsippet”. Det vil seie at dei følgjer læreboka sin struktur, og er inndelt etter trinn og kapittel. Det er veldig positivt når lærebøker har eigne ressursar på nettet, som samsvarar med det som står i bøkene. For elevane som nyttar læreverka, vil oppleve at det er mykje likt i framgangsmåten som vert nytta på nett. Dei vil på den måten få eit større grunnlag for å kunne få eit best muleg læringsutbytte. På denne måten vil også terskelen mellom å nytte skriveboka, eller datamaskina, bli mindre. Vi ser på denne måten at det har positive verknadar for den femte grunnleggande dugleiken i Kunnskapsløftet; ”å kunne bruke digitale verkty” (LK06).

Nettportalen er strukturert etter hypertekstualitetsprinsippet. Ein kan klikke på dei ulike klassestega. Å ordne vanskegrada etter klassesteg er på mange måtar gunstig. Då rotar ikkje elevane seg vekk på oppgåver som er vanskelegare enn evnene eller føresetnadane deira. I staden finn alle oppgåver på sitt nivå, lette og meir utfordrande. Vi kan på denne måten sjå at nettstaden er i tråd med idealet om tilpassa opplæring, som Opplæringslova snakkar om (Oppl.l., 1998:paragraf 1-2).

På nettstaden til Gyldendal Multi, føregår det eit samspel mellom eleven og matematikk-programmet. Om eleven svarar rett, får han tilbakemelding om det. Om det er feil, får han vite at han må prøve igjen. Vi ser at det heng saman med ”stimulus-respons” læringa som behaviorismen skildrar.

Når det gjeld multimodalitet nyttar ikkje Gyldendal Multi lyd. Vi finn i staden eit aktivt samspel mellom tekst og bilete. Teksten til oppgåvene vert konkretisert med ulike bilete, som til dømes hundrelappar, terningar og meir. At det ikkje vert nytta lyd, kan vere for å ikkje forstyrre elevane si hauderekning, eller forvirre. Det kan vere pedagogiske grunnar: å minimalisere støy i klasseromet. Samtidig veit vi at elevane kan nytte headset, slik dei ikkje forstyrrar andre. Likevel kan nokre elevar verte ”oppildna” av å høyre for mykje lyd. Ein annan grunn til at Gyldendal Multi ikkje nyttar lyd, kan rett og slett vere at dei ikkje har hatt midlar eller ressursar til det. Gyldendal Multi er eit innovativt og nyskapande grep i ei ny og stadig meir digital røynd. Det er inspirerande å sjå kor mykje progresjon det er gjort i det digitale, frå då eg sjølv var ung på 90-talet, og vi skreiv alfabetet i eit DOS.

Alt i alt vil eg konkludere med at Gyldendal Multi er ein svært nyttig ressurs som lærarar bør ta seg i nytte av. Å nytte ulike arbeidsmåtar er eit varierande inngrep som læraren kan ta seg i nytte av for at elevane skal lære mest muleg. Vi veit også at elevar har ulike læringsstilar. Derfor kan det vere nyttig å ikkje berre bruke tradisjonell tavleundervisning på matematikken.

Samspelet og vekselverknaden som hyperteksten og programvaren tilbyr, teftar slik også på dei sosiokulturelle læringsteoriane, som ser på læring som eit aktivt samspel mellom noko eller nokon.


----------------------------------------------------------------------

Litteratur:

Gyldendal, Multi, 2009: (URL: http://www.gyldendal.no/multi - Lesedato: 29.09.09)
Utdanningsdirektoratet, 1998: URL: http://www.skoledata.net/Lover/Opplaringslova/opl-00.htm - Lesedato: 29.09.09)
Kunnskapsløftet, 2006: URL: http://www.udir.no/Artikler/_Lareplaner/Den-generelle-delen-av-lareplanen/ - Lesedato: 29.09.09)

fredag 18. september 2009

Data-ansvarleg i grunnskulen

Data-ansvarlige, øvingsoppgåve 3 samling

· Før var det slik at data-ansvarleg hadde ansvar for det driftsmessige og at systemet var "oppe og gikk".

· No har den data-ansvarlege gått meir over til å bli IKT-rettleiar. Han skal gi elevane kompetanse til å kunne bruke det digitale verktøy på ein hensiktsmessig og fornuftig måte.

· Vi ser at den data-ansvarlege har sjølvsagt også ansvar for det driftsmessige, men fokuset har blitt meir retta mot det å vere rettleiar.

· Det varierer veldig frå skule til skule kor store tildeling av ressursar ein IKT-lærar kan få. På små skular er det ikkje alltid ein like tydeleg data-ansvarleg med stor kompetanse, som kanskje mange ungdomsskular har.

Kim-Daniel, Øyvind, Rune og Kristian.


Gresk oversettelse for nett-studentar:

Δεδομένα διαχειριστές επίλυση εργασία 3 συλλογή

Πριν · ήταν έτσι τα στοιχεία-συντονιστής ήταν υπεύθυνη για τη λειτουργική και το σύστημα ήταν «σύσταση και τη λειτουργία».

· Οχι, τα δεδομένα-υπεύθυνη προχωρήσει περισσότερο από το να γίνει η ΤΠΕ σύμβουλος. Θα παρέχουν στους φοιτητές δεξιότητες για να είναι σε θέση να χρησιμοποιούν τα ψηφιακά μέσα σε ένα κατάλληλο και λογικό τρόπο.

Bullet Βλέπουμε ότι τα δεδομένα-ιδιοκτήτης σελίδα έχει, φυσικά, επίσης υπεύθυνη για τη λειτουργική, αλλά το επίκεντρο ήταν περισσότερο προσανατολισμένη προς το να είναι ο επιβλέπων.

Συλλογικό Όργανο θα διαφέρει σημαντικά από σχολείο σε σχολείο του μεγέθους της κατανομής των πόρων ΤΠΕ δάσκαλος μπορεί να πάρει. Σε μικρά σχολεία, δεν είναι πάντα εξίσου εμφανή στοιχεία-υπεύθυνος με μεγάλη εμπειρία, όπως ίσως πολλά σχολεία νεολαίας.

Kim-Δανιήλ, Øyvind, Rune και Kristian.

Gratisprinsippet i skulen?

Grunnskulen har i dag knytt seg til gratisprinsippet når det gjeld bla. bruk av digitale verktøy. Det heiter no at:

"Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskuleopplæringa, til dømes utgifter til undervisingsmateriell [...]" (Opplæringslova 2.15 - gratisprinnsippet)

Kva konsekvenser får dette for elevane?

At gratisprinsippet er lovfesta, påverkar bruken av IKT i skulen. Skule eller lærarar kan ikkje krevje at elevar har datamaskiner, betalingsprogramvare eller digitalt utstyr. Dette må skulen i så tilfelle syte for. Dette har gjort til dømes at ein nytter seg av til dømes Open Office, i staden for Microsoft Word, pga at Open office er eit gratis skriveprogram. I mange høgskular har det vore ei omlegging frå å legge ut Word-filer til PDF-filer. Dette gjer skulane fordi ein står i fare for å ekskludere elevar som ikkje har til dømes Microsoft Word. Om lærar legg ut desse filene klarer ikkje elevane å lese dei.

Gratisprinsippet er lovfesta for å gi alle elevar like føresetnadar og mogelegheiter til å delta aktivt i undervisinga. Dette er i tråd med idealet om tilpassa opplæring, som seier: "Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten." (Oppll. 2007:7). Her kan vi legge særskild merke til ordet "føresetnad". At alle elevane har tilgong til det same undervisingsmateriellet; til dømes å kunne lese dokument, er dermed ein føresetnad for å kunne delta aktivt i undervisinga.

Men alle dei som har betalt for dyre og mindre dyre programvarer. Skal dei ikkje få nytte seg av mogelegheitene programvarene har å tilby? Å berre bruke gratisprogramvarer kan innskrenke arbeidsmogelegheitene for lærarar og/eller elevar som har betalt programvare og som utnyttar seg av dei mange funksjonane. Ser vi på Microsoft Word 2007, er det mykje dette skriveprogrammet har å tilby, som ikkje Open Office har. Ei løysing kan vere å skrive dokumentet i Word, og deretter lagre det i Open Office. Om ein likevel får problem med at til dømes bilete, animasjonar, diagram ikkje vert identiske, kan ei nytte seg av Adobe Reader, og lagre dokumenta i PDF. Då skal det som regel verte identisk. Men det er likevel tilfelle der formatet i fila forandrar seg. Det er då viktig at faglærar rettleiar eleven til å få fila så identisk som muleg.

Det er mange utfordringar og undertema knytt til arbeid med gratisprinsippet i skulen. Det vil variere frå situasjon til situasjon, og det er viktig at faglærar er i ein kontinuerleg drøftingsprosess med seg sjølv, for å nå idealet om tilpassa opplæring når det gjeld bruk av digitale verktøy. På denne måten kan alle elevane få ei mogelegheit å delta aktivt i læringsarbeidet.


----------------------------------------------------------------------

Litteratur:

Opplæringslova (2007) Cappelen Akademiske forlag. (URL: www.lovdata.no)

Skriv frå Utdanningsdirektoratet: "Om gratisprinsippet i grunnskolen" (07.07.2006) (URL:http://209.85.129.132/search?q=cache:sFVvy1YZHsYJ:fylkesmannen.no/udir_gratisprinsippet_zTwtrI68106et.pdf.file+gratisprinsippet+i+skolen&cd=10&hl=nn&ct=clnk&gl=no

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)