tirsdag 29. september 2009

Skulerelaterte læringsressursar på internett

I denne oppgåva skal vi reflektere litt rundt skulerelaterte læringsressursar på internett. Eg tek for meg Gyldendal Multi, og avgrensar meg til den nettportalen, pga. antal ord i bloggen. På denne måten kan ein gå djupare i den aktuelle nettsida.

Før vi tek til på teksten, er det nødvendig å definere sentrale omgrep i bloggen.

Hypertekstualitet: tyder over, og er ein måte å strukturere ein tekst på. Tekst heng saman med anna tekst. Ofte skifter pila seg til ”hansken som peiker” når ein flyttar pila over ein hypertekst. Dette indikerer på at ein kan klikke på teksten, og kome vidare til ei ny side med meir tekst. Også omtala som hyperkopling.

Intertekstualitet: tyder interaksjon, vekselspel eller samspel med noko eller nokon. I vår samanheng vert det særleg brukt om forholdet mellom eleven og datamaskina eller programvaren. Samspelet kan tolkast som stimulus-respons, slik vi kjenner den i behaviorismen i pedagogikken.

Multimedialitet: Multimediale tekstar nyttar fleire medium for å få fram bodskapen sin. Tekst, bilete og lyd er alle like viktige for å få den fullstendige bodskapen sin ut.

Vi skal no sjå at desse omgrepa ofte er knytte saman når det gjeld skulerelaterte læringsressursar på nettet.
Gyldendal sine læringsressursar for Multi, læreverket i Matematikk, finn vi på denne internettsida:
http://www.gyldendal.no/multi/ .

Multi sine nettressursar er laga etter ”Bok+nett-prinsippet”. Det vil seie at dei følgjer læreboka sin struktur, og er inndelt etter trinn og kapittel. Det er veldig positivt når lærebøker har eigne ressursar på nettet, som samsvarar med det som står i bøkene. For elevane som nyttar læreverka, vil oppleve at det er mykje likt i framgangsmåten som vert nytta på nett. Dei vil på den måten få eit større grunnlag for å kunne få eit best muleg læringsutbytte. På denne måten vil også terskelen mellom å nytte skriveboka, eller datamaskina, bli mindre. Vi ser på denne måten at det har positive verknadar for den femte grunnleggande dugleiken i Kunnskapsløftet; ”å kunne bruke digitale verkty” (LK06).

Nettportalen er strukturert etter hypertekstualitetsprinsippet. Ein kan klikke på dei ulike klassestega. Å ordne vanskegrada etter klassesteg er på mange måtar gunstig. Då rotar ikkje elevane seg vekk på oppgåver som er vanskelegare enn evnene eller føresetnadane deira. I staden finn alle oppgåver på sitt nivå, lette og meir utfordrande. Vi kan på denne måten sjå at nettstaden er i tråd med idealet om tilpassa opplæring, som Opplæringslova snakkar om (Oppl.l., 1998:paragraf 1-2).

På nettstaden til Gyldendal Multi, føregår det eit samspel mellom eleven og matematikk-programmet. Om eleven svarar rett, får han tilbakemelding om det. Om det er feil, får han vite at han må prøve igjen. Vi ser at det heng saman med ”stimulus-respons” læringa som behaviorismen skildrar.

Når det gjeld multimodalitet nyttar ikkje Gyldendal Multi lyd. Vi finn i staden eit aktivt samspel mellom tekst og bilete. Teksten til oppgåvene vert konkretisert med ulike bilete, som til dømes hundrelappar, terningar og meir. At det ikkje vert nytta lyd, kan vere for å ikkje forstyrre elevane si hauderekning, eller forvirre. Det kan vere pedagogiske grunnar: å minimalisere støy i klasseromet. Samtidig veit vi at elevane kan nytte headset, slik dei ikkje forstyrrar andre. Likevel kan nokre elevar verte ”oppildna” av å høyre for mykje lyd. Ein annan grunn til at Gyldendal Multi ikkje nyttar lyd, kan rett og slett vere at dei ikkje har hatt midlar eller ressursar til det. Gyldendal Multi er eit innovativt og nyskapande grep i ei ny og stadig meir digital røynd. Det er inspirerande å sjå kor mykje progresjon det er gjort i det digitale, frå då eg sjølv var ung på 90-talet, og vi skreiv alfabetet i eit DOS.

Alt i alt vil eg konkludere med at Gyldendal Multi er ein svært nyttig ressurs som lærarar bør ta seg i nytte av. Å nytte ulike arbeidsmåtar er eit varierande inngrep som læraren kan ta seg i nytte av for at elevane skal lære mest muleg. Vi veit også at elevar har ulike læringsstilar. Derfor kan det vere nyttig å ikkje berre bruke tradisjonell tavleundervisning på matematikken.

Samspelet og vekselverknaden som hyperteksten og programvaren tilbyr, teftar slik også på dei sosiokulturelle læringsteoriane, som ser på læring som eit aktivt samspel mellom noko eller nokon.


----------------------------------------------------------------------

Litteratur:

Gyldendal, Multi, 2009: (URL: http://www.gyldendal.no/multi - Lesedato: 29.09.09)
Utdanningsdirektoratet, 1998: URL: http://www.skoledata.net/Lover/Opplaringslova/opl-00.htm - Lesedato: 29.09.09)
Kunnskapsløftet, 2006: URL: http://www.udir.no/Artikler/_Lareplaner/Den-generelle-delen-av-lareplanen/ - Lesedato: 29.09.09)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)