fredag 16. oktober 2009

Splash-photosession with the Dream team

Posted by Picasa
Her er eit bilete eg, Øyvind og Rune tok når vi var ute på photosession på DKL-oppdrag! Vi kasta ein stor stein i ein sølepytt, og ville fange augneblinken der alt vatnet spruta. Dette synes vi at vi fekk til.

Dette fotoet er opplasta med fotoredigeringsprogrammet, Picasa, via Blogthis!-funksjonen. Eg har redigert det litt for å få fram sterkare kontrastane og skarpheita på biletet. Lukkartida er ikkje ultra-kort, så ein ser at vassdropane er i rørsle. Hovudmotivet i biletet er sentrert for å få med seg alle ringverknadane. Hovudmotivet er også i framgrunnen av biletet. Den vakre bakgrunnen med tre og planter fører til kontrastar og fargeglede.

Biletet er tatt med eit Casio 7.2 mega piksel digitalt kamera, type EX-Z77. Hadde eg hatt eit Canon spegelreflekskamera, til dømes, ville eg fått endå betre lukkartid. Trass i desse føresetnadane, synes vi alle at det var eit meget godt bilete for å vere studiefotografar.

Terningkast: 5

Motto for økta:
"Be proud of the photos you make, and the pictures you take - Viva viva hurra mej her!"


Solnedgang ved Château de Chillon!

Til dagens samling har eg og Øyvind nok ein gong tatt til på eit nytt bilete, som vi vil finne komposjonsmessige trekk ved. Biletet er tatt av Pear Biter. Biletet er tatt av ein av Sveits sine juvelar i byen Lausanne ved kysten av Genevasjøen og alpane. Slik ser det ut:

(Foto: Pear Biter - Creative Commons - Flickr)

Lyssettinga som er nytta i biletet vert danna av solstrålane som bryt gjennom skyene, og lyser ned mot sjøen og gir refleks. Dette sidelyset skin ikkje på slottet, men fører til at slottet står i eit motlys. Dette gjer slottet mørkare enn dei andre delane av biletet. Det blir på denne måten knytta ei spesiell stemning til det gåtefulle slottet.

Biletet er tatt med ei vanleg vinkling. Likevel er slottet stort, og gjer det heile ei klype majestetisk. Biletet er delt inn i ein framgrunn, mellomgrunn og bakgrunn. Alle delane av biletet er klare og med høg oppløysing. Framgrunnen er vatnet som ligg nederst i biletet. Mellomgrunnen er slottet og treet heilt til høgre. Bakgrunnen er himmelkvelvingen heilt bak.

Vi har i tidlegare vore inne på "tredjedelsregelen". Dette prinsippet er også nytta i dette biletet. Slottet er plassert i kryssinga mellom den høgre loddrette lina og den øvre vassrette. Dette fører til at det er lett for at sjåaren sine auge landar på slottet. Solstrålane går frå venstre til høgre og leier auga til sjåaren til slottet. Sjøhorisonten eller -lina er ikkje delt etter tredjedelsregelen, men i to. Men vi kan samla sjå at desse linene leier mot slottet. Vi ser på denne måten at fotografen har lukkast med å gi fokus til hovudmotivet.

Fargane i biletet er vakre og klare, medan slottet blir litt meir mørkare pga motlyset. Den guloransje bakgrunnen dannar kontrastar til det lyse og det blå. Bølgene skapar litt rørsle eller rytme, men ikkje slik det blir uro. Det er ein relativt roleg sjø. Det at lukkartida på biletet er så pass rask, har den fanga mange pikslar og augneblinken.

Alt i alt, eit nydeleg bilete, som kan godt nyttast som bakgrunnsbilete på Windows, om ein vil!

Karakter: 6

Ytterlegare kommentar: Eg har lyst ein tur til Sveits.

Motto til bilete:
"The Castle of The Friendly Ghost: Casper"

(Redigert av Kim-Daniel)


Internettkjelder:
The Sun Sets on Château de Chillon (URL: http://www.flickr.com/photos/64165252@N00/566128230 - lasta ned: 16.10.09)

torsdag 15. oktober 2009

Tango - for to?


Dette er ei lita komposisjonsmessig analyse av eit bilete. Eg og min kollega Øyvind fann det i eit bilete-essay av Boston Globe, og drøfta trekk ved biletet. Slik ser biletet ut:


(AP Photo/ Natacha Pisarenko)

Motivet på dette bilete er ein mann med hatt. Dette er også hovudmotivet. Vi har den førehandsinformasjonen at denne mannen sannsynlegvis dansar tango. Dette kjem også fram med val av antrekk og kostyme.

"Komposisjon betyr «å sette sammen ulike elementer til en helhet» og det brukes i alle kunstformer, som foto, malerier, tegning og musikk" (Wikipedia, komposisjon, URL). Fotografen kan på denne måten "setje saman" dei ulike elementa i biletet på den måten han sjølv vil. Vi skal sjå på verkty og reglar som er nytta i komposisjonen av dette biletet.


Hovudmotivet står i dette biletet fram som tydeleg og gjenkjenneleg. Vi ser klart at dette er ein person. Vi ser dette spesielt godt på grunn av lys-settinga som er nytta i å få hovudmotivet fram. Personen har sidelys på seg. Dette kan truleg vere ein spotlight som lyser på han ovanfrå og ned. Slik framstår personen på mange måtar litt mystisk og ukjend. Dette er eit godt verkemiddel. Lyssettinga gjer også at det dannar seg skyggar. Dette gir kontrastar hjå hovudmotivet. Vi ser også tydelege kontrastar mellom det svarte og grå, som gjer at hovudmotivet kjem tydeligare fram. Vi ser også at biletet vert avbalansert ved at ikkje all bakgrunnen er svart. Det at det er røyk også i biletet gjer at biletet vert balansert. Auga vert ikkje berre leia mot hovudmotivet, men også på andre stadar på biletet.


Blikkretninga til personen er vendt mot venstre. Dette kan tolkast som om han "ser seg tilbake" om vi tenkjer litt filosofisk på det. Reint praktisk ser ein bilete frå venstre til høgre, på same måte som ein les. Dette gjer at den som ser biletet vil fyrst sjå det svarte og den grå røyken, og deretter sjå hovudmotivet. Nokre vil også, som sagt, tolke at personen ser seg bak pga denne "leseretninga".


Ofte nyttar fotografar seg av "tredjedelsregelen". Då tenkjer ein seg at ein deler biletet inn i to vassrette strekar og to loddrette strekar. Dette vert også kalla "det gylne snitt", som også har matematiske røter. Det ser litt ut som at biletet er delt inn i ei eit "bondesjakk". Slik ser det ut når vi deler "Tango"-biletet inn etter denne regelen:

Vi ser at fotografen har nytta tredjedelsregelen ved at han har plassert hovudmotivet i krysningspunktet mellom høgre loddrette strek og nedre vassrette strek. Slik blir auga til den som skal sjå biletet leia mot hovudmotivet.


Alt i alt, synes både eg og Øyvind at dei komposisjonsmessige trekka kom tydelig fram i dette biletet, og at fotografen har fanga eit bra augneblink!


Vi bloggast!

Dagens motto:
"Sync it like you mean it!"



Litteraturliste:

Boston Globe (2009): Tango World Championship in Buenos Aires, Sunday Aug. 23, 2009. URL: http://www.boston.com/bigpicture/2009/10/tango.html - lasta ned: 15.10.09)
Wikipedia: Komposisjon. (URL: http://no.wikipedia.org/wiki/Komposisjon - lasta ned: 15.10.09)

mandag 12. oktober 2009

Kvitebjørn og bileteredigering

I arbeid med bileteredigering kan ein nytte seg av Picasa og Picnik. Eg gjorde dette ein måndagskveld. Klokka var åt å passere 18.00, og eg vart begeistra over korleis alt berre kan synkronisere seg sjølv og vere ledd i eit stort nettverk av programvarer og applikasjonar.

Etter å ha lest nettleksjonen i DKL tok eg fatt på arbeidet. Eg måtte finne eit motiv, eller ein modell. Plutseleg høyrte eg ei remjing utanfor glaset. I det eg trakk frå eine gardina for å sjå kva dette kunne vere, kom ein stor grasiøs og avlang hårball til syne. - Ja, dette var katten sin!

Katten måtte sjølvsagt berast når lokkematen ikkje strakk til for å få han på rett stad. For det er nettopp det knipsing av bilete handlar om: Å vere på rett stad til rett tid. I blåskumringa og med haustemperatur prøvde eg fyrst å setje han opp på bilen min. Planen var å setje han midt opp på bilen for å få eit midtstilt bilete:


Ikkje det mest midstilte biletet eg har tatt, men eg synes likevel det var eit nokså treffande bilete av ein katt som ikkje trivest på sin nye stad, og dermed søkjer heimover. Den vertikale halen strekk seg mot himmelen og lagar vertikale liner. Labbane er i rørsle, og vi anar at noko skal skje.

Etter litt om og men, fekk eg katten i midtstilt posisjon:


Som de ser; ein midstilt katt i eit midstilt bilete. Kan ein få det betre? Motivet er plassert i midten av biletet, og verkar nøgd med tilveret.

Tredjedelsregelen, eller det gylne snitt, er ofte ein grei regel for å gi fokus rundt hovudmotivet. En nyttar seg då av to vassrette og to loddrette strekar. Det er ei vinning om ein klarer å stille desse strekane etter formene i biletet. I kryssingspunktet mellom strekane er det også lurt å plassere eit motiv. F.eks. katten min, Kvitebjørn. Eg lasta biletet opp i Picasa kontoen min, som synkroniserte det vidare til Picnik-kontoen min. Der kunne eg skjere biletet, og tilpasse det etter tredelingsregelen. Dette såg slik ut:


Som de ser går den nedste vassrette lina med treverket og kjem i kryssing ved snuten (har kattar snutar, eller er det berre hundar?) til katten. Den øvre vassrette lina går langs øyrene til han. Hovudmotivet er då plassert i to kryssingspunkt. Den høgre loddrette lina følger treverket nedover. Hovudmotivet fylg denne lina heilt ned.

Produktet såg slik ut:


outside my house there was a kitty
this kitty was a little pitty
white
otherwise
it was giant
watch out
you mice

Hovudmotivet kjem i dette biletet meir fram pga at det er nærbilete. På grunn av tredelingsregelen vil det også vere lettare for auga å dale på hovudmotivet. Eller? Eg ser og ser, men vert ikkje heilt klok. Kom gjerne med kommentarar på kva bilete som er til det beste for hovudmotivet.

Det er verdt å merke seg at mange pikslar nok har godt tapt i redigeringsfasen og jpg-behandlinga. Dette kan ein sørge over, og kanskje prøve ut eit raw-format neste gong. Eg trykte også på auto-fix-knappen i Picnik for å gjere min kjære modell litt meir appellativ; rette litt på pels og hale.

Av komposisjonsmessige trekk ved dette biletet brukte eg som sagt "auto-fix". Denne fiksar på biletet automatisk med digital intelligens og kunnskap om bilete. Eg brukte i tillegg "crop"-funksjonen/skjeringa av biletet.

Andre komposisjonsmessige funksjonar kan også gjere si nytte i å lage eit kunstverk. Eg laga kunstverket, kirsebæra på toppen av kaka, på dette biletet ved å nytte meg av "colours"/fargesetjing. Her ser du sluttresultatet og eit dikt til biletet:


In 1776
a cat used to look like this
In the old antique
they just shopped in boutiques

© Copyright. Kim-Daniel productions2009. All rights reserved.

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)