torsdag 15. oktober 2009

Tango - for to?


Dette er ei lita komposisjonsmessig analyse av eit bilete. Eg og min kollega Øyvind fann det i eit bilete-essay av Boston Globe, og drøfta trekk ved biletet. Slik ser biletet ut:


(AP Photo/ Natacha Pisarenko)

Motivet på dette bilete er ein mann med hatt. Dette er også hovudmotivet. Vi har den førehandsinformasjonen at denne mannen sannsynlegvis dansar tango. Dette kjem også fram med val av antrekk og kostyme.

"Komposisjon betyr «å sette sammen ulike elementer til en helhet» og det brukes i alle kunstformer, som foto, malerier, tegning og musikk" (Wikipedia, komposisjon, URL). Fotografen kan på denne måten "setje saman" dei ulike elementa i biletet på den måten han sjølv vil. Vi skal sjå på verkty og reglar som er nytta i komposisjonen av dette biletet.


Hovudmotivet står i dette biletet fram som tydeleg og gjenkjenneleg. Vi ser klart at dette er ein person. Vi ser dette spesielt godt på grunn av lys-settinga som er nytta i å få hovudmotivet fram. Personen har sidelys på seg. Dette kan truleg vere ein spotlight som lyser på han ovanfrå og ned. Slik framstår personen på mange måtar litt mystisk og ukjend. Dette er eit godt verkemiddel. Lyssettinga gjer også at det dannar seg skyggar. Dette gir kontrastar hjå hovudmotivet. Vi ser også tydelege kontrastar mellom det svarte og grå, som gjer at hovudmotivet kjem tydeligare fram. Vi ser også at biletet vert avbalansert ved at ikkje all bakgrunnen er svart. Det at det er røyk også i biletet gjer at biletet vert balansert. Auga vert ikkje berre leia mot hovudmotivet, men også på andre stadar på biletet.


Blikkretninga til personen er vendt mot venstre. Dette kan tolkast som om han "ser seg tilbake" om vi tenkjer litt filosofisk på det. Reint praktisk ser ein bilete frå venstre til høgre, på same måte som ein les. Dette gjer at den som ser biletet vil fyrst sjå det svarte og den grå røyken, og deretter sjå hovudmotivet. Nokre vil også, som sagt, tolke at personen ser seg bak pga denne "leseretninga".


Ofte nyttar fotografar seg av "tredjedelsregelen". Då tenkjer ein seg at ein deler biletet inn i to vassrette strekar og to loddrette strekar. Dette vert også kalla "det gylne snitt", som også har matematiske røter. Det ser litt ut som at biletet er delt inn i ei eit "bondesjakk". Slik ser det ut når vi deler "Tango"-biletet inn etter denne regelen:

Vi ser at fotografen har nytta tredjedelsregelen ved at han har plassert hovudmotivet i krysningspunktet mellom høgre loddrette strek og nedre vassrette strek. Slik blir auga til den som skal sjå biletet leia mot hovudmotivet.


Alt i alt, synes både eg og Øyvind at dei komposisjonsmessige trekka kom tydelig fram i dette biletet, og at fotografen har fanga eit bra augneblink!


Vi bloggast!

Dagens motto:
"Sync it like you mean it!"



Litteraturliste:

Boston Globe (2009): Tango World Championship in Buenos Aires, Sunday Aug. 23, 2009. URL: http://www.boston.com/bigpicture/2009/10/tango.html - lasta ned: 15.10.09)
Wikipedia: Komposisjon. (URL: http://no.wikipedia.org/wiki/Komposisjon - lasta ned: 15.10.09)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)