tirsdag 17. november 2009

Hensyn - til ettertanke

Tenk over 1:

Når det gjeld det å ta bilete og bruke bilete i skulen er det som lærar viktig å vere klar over at det er knytta lover og restriksjonar som omhandlar åndsverk, personvern, straffelov og opphavsrett. Dette er for mange ei heilt ny problemstilling, og somme kjenner ikkje til reglementet.

Kva med å leggje ut klassebileter på nettet? Å leggje ut bileter av klasser er ein fin måte å visualisere aktivitetar og klassefellesskapet på. Ein må berre vere klar over lovene og reglane for publisering. Sjølv om læraren er fotograf, og det er bileta hans, er det likevel knytta personvern til dei som er på bileta. Ein kan ikkje utan vidare publisere bileta utan løyve eller tillatelse.

I småskulen spør ein eller sender eit svarskjema til foreldra om dei gir løyve om at læraren kan publisere bilete av elevane på internett. Foreldra har sjølvsagt lov til å svare både ja og nei, utan at læraren kan krevje noko. Men svarar dei ja, er det i allefall kjekt for læraren. Og svarar dei nei, er dette også greit. Når elevane er 15 år, og over, kan elevane bestemme sjølv om dei samtykkjer at læraren publiserer bilete av dei.

Om vi tenkjer oss at halve foreldregruppa til klassen til læreren svarar ja, medan halvparten svarar nei, vil dette få utslag på korleis læraren kan arbeide med foto på til dømes ekskursjonar, turar, friluftsaktivitar med meir knytta til skulen. Han kan i dei fleste tilfelle ta bilete, men ikkje laste bileta av halvparten av elevane opp på til dømes PedIT eller andre Læringsplattformar (LMS). Om foreldra av religiøse orsaker ikkje vil at læraren skal ta bilete av dei, i det heile, vil dette innskrenke moglegheitene ytterlegare.

Tenk over 2:

Kva med dette biletet?


Foto: Magnus Franklin, Creative Common Attribution 2.0 License

Gjeld personvernreglane for dette biletet også? I Åndsverklova står det i §45c at:

"Fotografi som avbilder en person, kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av
den avbildede, unntatt når

1. avbildningen har aktuell og allmenn interesse,
2. avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
3. bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har
allmenn interesse, [Kalles 17. mai paragrafen, red. anmerkning]
4. eksemplar av avbildningen på vanlig måte vises som reklame for fotografens
virksomhet og den avbildede ikke nedlegger forbud, eller
5. bildet brukes som omhandlet i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre
ledd.
Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår"

(Åndsverkloven, 1961 §45c)

Vi ser at dette biletet frå distanse av barn som spelar fotball i friluft, kan gå under punkt 2. og 3. Biletet kjem derfor under unntaket. Særleg om personen i midten, som er dommar, er læraren sjølv. Vi ser nemlig ikkje ansikta av barna som spring rundt.

Om dette var mine elevar, ville eg forhåpentlegvis snakka med foreldra fyrst om samtykke. Likevel, ville ikkje dette biletet vere av vond art når det gjeld personvern.

Tenk over 3:

Korleis bør eit samtykkjeskjema sjå ut? Kva bør ein leggje vekt på?

Eit slikt skjema bør vere obligatorisk for ein lærar som har med elevar under 15 år å gjere. Om ein legg ut bilete hyppig frå skulesamanheng er det ikkje likegyldig kor ofte ein spør heller. Sensitive informasjon og bilete kan trenge ekstra løyve. Foreldra til elevane må også ha moglegheit til å reservere seg mot bileta. Til dette er det smart å lage svarbokser, som foreldra kan hake ut, kva dei gir eller ikkje gir løyve til. Det er også smart om skulen utarbeider retningsliner for kva publiseringa av bilete inneberer.

Om eg skulle formulert eit skjema ville eg inkludert:

Namn:
Klasse / årssteg:

Set kryss/x for svar:

____ Eg er kjend med "Retningslinene for bruk av bilete med barn" for Hufsesnuten skule.
____ Ja, eg samtykkjer.
____Nei, eg samtykkjer ikkje.

Stad / Dato: ____________ Føresette si underskrift: _____________________


(Eg har henta inspirasjon frå samtykkjeskjemaet til Eikeli skule, men endra det og skrive om sjølv).

Det finst ikkje nokon mal for korleis ein i punkt og prikke skal gå fram når det gjeld dette temaet, berre ein er klar over lovene og føreskriftene som høyrer til og bestemmer.

Det viktigaste er at DU, som lærar, er reflektert, tenkjer og tek hensyn etter beste evne :)

mandag 9. november 2009

Lyd - bruk av Audacity


I dei siste leksjonane har vi lært korleis vi kan ta opp, redigere og produsere lydfiler. Vi har då nytta oss av gratisprogrammet Audacity. Dette programmet vart lansert av Dominic Mazzoni og Roger Dannenberg i 1999, og har vore allment tilgjengeleg sidan den datoen. Sidan då har det også kome fleire oppdaterte og vidareutvikla versjonar. Den nyaste, som eg har nytta, er Audacity 1.2.6.

Lars Carlson, frå Multimediabyrån i Sverige, har laga ein rettleiingsressurs som ligg tilgjengeleg på Multimediabyrån sine heimesider (følg lenka). Eg likte spesielt godt at han hadde rettleiingsvideoar, der ein fekk sjå heile arbeidsprosessen, og lære gjennom å sjå korleis han produserte og redigerte sine prosjekt.

Det fyrste ein kan prøve seg på er å prate inn ei lydfil. Ein bør då ideelt sett ha eit headset med mikrofon, slik ein slepp alt for mange uønska lydar og sus av ymse slag. Ein bør snakke tydeleg og med ei klar stemme inn i microfonen for å få eit best mogleg resultat.

Om ein opplever at det likevel er støy i opptaket, kan ein nytte ein av Audacity sine mange effektar. Ein klikkar seg då inn på Effekt på den øvre verktylina. Der finn ein kategorien Støyfjerning. Deretter merkar ein av ein del med mykje støy, eller ein del der ein ikkje pratar til dømes, men bakgrunnslyde støyar. Så trykker ein på "lag støyprofil". Deretter merker ein av heile lydsporet, og klikkar kor mykje Audacity skal ta vekk.

Her er eit bilete av ei prosjektfil eg "mekkar" på. Eg har spelt inn fleire spor. Eg nyttar ein prosjektrate på 44KHz. Til vanlege mono-lydar trengs det berre 22KHz, men eg tenker å importere inn sample med musikk. Då er det mest ideelle 44KHz. Og om ein fyrst vel ein prosjektrate, må den vere gjennomført gjennom heile prosjektfila. Ellers byr det på problem.




I dette bilete kan vi sjå at eg har spelt inn fleire spor. Eg har nytta omhyllingskurveverktyet til å dempe eller auke lyden på einskilde element i lydspora. Derfor får einskilde delar ei svinging opp, og andre ei svinging ned. På slutten av sporet ser vi ein del med svært sterk lyd. Dette er eit innslag av brøling (i dette tilfelle). Dette er duplisert/kopiert på alle spora, for å forsterke innverknaden.

Eg har enno ikkje importert eit sample som skal vere bakgrunnsmusikken. Det er viktig at ein ikkje bryt Åndsverklova. Det er viktig å ta hensyn til opphavsrett og personvern. Det er derfor viktig å finne opphavsklarert materiale til sin eigen produksjon. Dette kan ein til dømes gjere på ccMixter. Her kan ein finne store mengder av lydar, samples og musikk som kan nyttast til ulike føremål. Ein kan til dømes nytte musikk til ein intro-jingle til eit radioprogram. Lars Carlson har i ressurslenka eg viste til over også ein introduksjonsfilm som kan vere nyttig i arbeid med å lage radioprogram.

Når ein har laga, redigert og miksa saman ei lydfil, kan ein lagre/eksportere ho til det lydformatet ein sjølv ønskjer. Dette kan vere til dømes .wav, .mp3 eller .ogg. Det mest vanlege er å eksportere til .mp3, i og med at det er det mest utbreidde lydformatet. Ein trykker då på "fil" og "eksporter som .mp3". Deretter kan ein velje mappe og namn på fila. Når ein er ferdig kan ein lytte på ho, og sjå på seg sjølv som ein aspirerande produsent.

----------------------------------------------------------------------------------
Kjeldetilvising

Audacity, nedlasting av programvare: ( URL: http://audacity.sourceforge.net/ )
Audacity, om programmet: ( URL: http://audacity.sourceforge.net/about/credits )
ccMixter, opphavsklarert musikk og samples: (URL: http://ccmixter.org/ )
Multimediabyrån, rettleiingsressurs av Lars Carlson: ( URL: http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/ )


lørdag 7. november 2009

Studentunderøking - til kartlegging og ettertanke

I rekneark-leksjonane har vi fått rettleiing i korleis lage Google-skjema (også kalla "forms"). Her kan ein velje mellom mange ulike typar spørsmål. Til dømes multiple choice, tekst, skala, rutenett etc.

Eg har laga ei studentundersøking for studentane ved DKL101. Her skal studentane klikke seg inn og svare på spørsmåla som er gitt. Svara bli sanka inn automatisk ettersom studentane svarar, og administrator kan sjå desse i eit samandrag eller i eit rutenett.

De kan følge denne lenka:


Om den ikkje fungerer, prøv denne:



Takk for at De deltek i denne undersøkinga!

torsdag 5. november 2009

Rekneark - ikkje berre rein verktyopplæring!

Rekneark kan brukast til så mykje. Ein kan lage magiske kvadrat, gloseprøver, quiz, diagram osv. I skulen vert reknearka, anten det er excel, google spreadsheets eller calk, ofte nytta berre for å lære om dei og å få den grunnleggjande opplæringa. Vi skal i dette bloginnlegget sjå ei skisse til korleis ein kan bruke rekneark som verkty i ein prosess for å nå nokre høgare mål. I dette tilfelle, kompetansemål.

I dette undervisingsopplegget er det meininga at elevane skal gjere undersøkingar og statistikkar, og deretter føre desse inn i eit rekneark. Dette reknearket skal presenterast for resten av klassen. Vi kan tenkje oss at det er ei gruppeoppgåve, der elevar frå ulike stadar i lokalsamfunnet (om nokon i klassen kjem frå ulike stadar frå bygda til dømes). Vi tek utgangspunkt i matematikk og naturfag etter 7. årssteg:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

- planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment (LK06, Læreplan i matematikk, statistikk, sannsyn og kombinatorikk)

og

- foreta relevante værmålinger og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler (LK06, Læreplan i naturfag, fenomener og stoffer)

Vi ser slik at dette vert eit tverrfagleg prosjekt. Innhaldet i undervisingsopplegget er at elevane skal foreta seg vêrvarslingar for lokalmiljøet sitt. Dette skal gå over ei veke. Elevane samlar inn data om kor mange grader det er. Eg har nytta lokale stadar i døme mitt; Volda, Ørsta, Folkestad og Hjartebygda.

Som sagt er det meininga at elevane skal arbeide med rekneark for å lage linjediagram til presentasjonen sin. Når dei er ferdige, skal dei presentere arbeidet for resten av klassen. Dette kan sjå slik ut:

For å sjå den "in-real-edition", kan du følgje denne linken til den publiserte fila:

Rekneark til øvingsoppgåve


Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)