mandag 9. november 2009

Lyd - bruk av Audacity


I dei siste leksjonane har vi lært korleis vi kan ta opp, redigere og produsere lydfiler. Vi har då nytta oss av gratisprogrammet Audacity. Dette programmet vart lansert av Dominic Mazzoni og Roger Dannenberg i 1999, og har vore allment tilgjengeleg sidan den datoen. Sidan då har det også kome fleire oppdaterte og vidareutvikla versjonar. Den nyaste, som eg har nytta, er Audacity 1.2.6.

Lars Carlson, frå Multimediabyrån i Sverige, har laga ein rettleiingsressurs som ligg tilgjengeleg på Multimediabyrån sine heimesider (følg lenka). Eg likte spesielt godt at han hadde rettleiingsvideoar, der ein fekk sjå heile arbeidsprosessen, og lære gjennom å sjå korleis han produserte og redigerte sine prosjekt.

Det fyrste ein kan prøve seg på er å prate inn ei lydfil. Ein bør då ideelt sett ha eit headset med mikrofon, slik ein slepp alt for mange uønska lydar og sus av ymse slag. Ein bør snakke tydeleg og med ei klar stemme inn i microfonen for å få eit best mogleg resultat.

Om ein opplever at det likevel er støy i opptaket, kan ein nytte ein av Audacity sine mange effektar. Ein klikkar seg då inn på Effekt på den øvre verktylina. Der finn ein kategorien Støyfjerning. Deretter merkar ein av ein del med mykje støy, eller ein del der ein ikkje pratar til dømes, men bakgrunnslyde støyar. Så trykker ein på "lag støyprofil". Deretter merker ein av heile lydsporet, og klikkar kor mykje Audacity skal ta vekk.

Her er eit bilete av ei prosjektfil eg "mekkar" på. Eg har spelt inn fleire spor. Eg nyttar ein prosjektrate på 44KHz. Til vanlege mono-lydar trengs det berre 22KHz, men eg tenker å importere inn sample med musikk. Då er det mest ideelle 44KHz. Og om ein fyrst vel ein prosjektrate, må den vere gjennomført gjennom heile prosjektfila. Ellers byr det på problem.




I dette bilete kan vi sjå at eg har spelt inn fleire spor. Eg har nytta omhyllingskurveverktyet til å dempe eller auke lyden på einskilde element i lydspora. Derfor får einskilde delar ei svinging opp, og andre ei svinging ned. På slutten av sporet ser vi ein del med svært sterk lyd. Dette er eit innslag av brøling (i dette tilfelle). Dette er duplisert/kopiert på alle spora, for å forsterke innverknaden.

Eg har enno ikkje importert eit sample som skal vere bakgrunnsmusikken. Det er viktig at ein ikkje bryt Åndsverklova. Det er viktig å ta hensyn til opphavsrett og personvern. Det er derfor viktig å finne opphavsklarert materiale til sin eigen produksjon. Dette kan ein til dømes gjere på ccMixter. Her kan ein finne store mengder av lydar, samples og musikk som kan nyttast til ulike føremål. Ein kan til dømes nytte musikk til ein intro-jingle til eit radioprogram. Lars Carlson har i ressurslenka eg viste til over også ein introduksjonsfilm som kan vere nyttig i arbeid med å lage radioprogram.

Når ein har laga, redigert og miksa saman ei lydfil, kan ein lagre/eksportere ho til det lydformatet ein sjølv ønskjer. Dette kan vere til dømes .wav, .mp3 eller .ogg. Det mest vanlege er å eksportere til .mp3, i og med at det er det mest utbreidde lydformatet. Ein trykker då på "fil" og "eksporter som .mp3". Deretter kan ein velje mappe og namn på fila. Når ein er ferdig kan ein lytte på ho, og sjå på seg sjølv som ein aspirerande produsent.

----------------------------------------------------------------------------------
Kjeldetilvising

Audacity, nedlasting av programvare: ( URL: http://audacity.sourceforge.net/ )
Audacity, om programmet: ( URL: http://audacity.sourceforge.net/about/credits )
ccMixter, opphavsklarert musikk og samples: (URL: http://ccmixter.org/ )
Multimediabyrån, rettleiingsressurs av Lars Carlson: ( URL: http://www.multimedia.skolverket.se/Kurser/Ljud/Ljudredigering-i-Audacity/ )


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)