fredag 15. januar 2010

Sosial web - Del og bruk. Av digital og pedagogisk verdi?


Del og bruk

Del og bruk er eit norsk nettsamfunn/nettverk for lærarar, pedagogar og andre som har interesse for sosial web, IKT og skule. Dette skriv dei sjølv på nettstaden. Målet er å dele, auke og bruke sin eigen digitale kompetanse med andre som har om lag same ståstad. På denne måten vil nettstaden vere ein ressurs for til dømes pedagogar for å integrere og bruke IKT i skulen. I alle fall vil dette vere tilfelle for lærarar.

Del og bruk er ein del av eit større plattform; Ning-nettverket ( www.ning.com ). Ning er ein online plattform som legg til rette for at folk kan lage sine eigne sosiale nettverk. Det tilbyr å opprette nettverk innan utdanning, politikk, underhalding, kunst, sport, musikk m.m. Dette gjer at menneske med same ståstad, utdanning eller liknande kan finne kvarandre og saman skape, dele og auke sin eigne kunnskap og kompetanse.

For å delta i Del og bruk-nettsamfunnet må ein registrere seg med fullt namn, brukarnamn, passord og heimstad. Ein vert også oppmoda til å legge til eit profilbilete, slik at ein skal framstå som mest muleg seriøs. Medlemmar kan sjølvsagt lure systemet og lage pseudonym med falske brukarnamn og e-mailadresser. For å motverke dette har administrator laga ein ”køyreregel”-plakat med oppmoding om at medlemmane må vise respekt, vere seg sjølve og meir. Ein reknar med at dei fleste som er med er truverdige og har eit ønske om å bidra med informasjon for å hjelpe andre og sjølve få hjelp til å auke den digitale kompetansen i eige og andre sitt læringsarbeid i skulen.

I dette innlegget vil dei neste overskriftene vere i lys av dei pedagogiske mulegheitene som er innanfor kvar av dei.

Samarbeid, deling og dialog/respons

Dei mulegheitene som ligg innanfor samarbeid på Del og bruk-plattformen er mange. Dette kan ha vere fordi føremålet med nettsamfunnet er å dele og bruke kvarandre sin kunnskap og erfaringar. Ein har ein rekke mulegheiter.

Blogginnlegg er ein funksjon der medlemmane kontinuerleg kan skrive om kva dei gjer i skulen, korleis det verkar på elevane, kva som fungerer /fungerer ikkje m.m. Her kan medlemmane sjølv skrive og deretter lese så mange bloggar som dei sjølve vil.

Diskusjonsforuma legg vekt på ulike tema som til dømes lærarar og pedagogar kan drøfte. ”Musikkvideoar som forteller en historie” er til dømes eit tema som ein kan drøfte og fortelje sine eigne erfaringar frå. Ein får på denne måten tips til undervisingsopplegg og korleis ein didaktisk kan gjennomføre dette i ein undervisingssamanheng. Kor mykje ein får ut av kvart diskusjonstema er sjølvsagt varierande. Det er opp til kvar einskild å medverke.

Grupper kan ein fritt opprette og bli medlem av innanfor del og bruk . Medlemmane kan lage slike grupper for å spesifisere kva tema dei vil diskutere, dele og samarbeide innanfor. ”Samfunnsfag” er til dømes ei gruppe der medlemmane har digital kompetanse innanfor dette faget som føremål. I både gruppene og diskusjonsforuma er det lagt til rette for sosial interaksjon i form av dialog, spørsmål og respons mellom gruppemedlemmane. Dette er nøkkelen til sosial web.

Bilete og videoar

Innanfor bilete og videoar er det store mulegheiter for å kunne opplaste og syne bilete og videoar av eksperiment, undervisingssituasjonar, tips til opplegg ein kan gjennomføre og så vidare. Dette kan gjere det lettare for medlemmane å visuelt forstå korleis ein kan praktisk gjennomføre opplegg og få inspirasjon til å gjennomføre det sjølve.

Når ein klikkar seg inn på hovudsida til Del og bruk, kan ein sjå eit bilete i venstre marg:


Geo-tags

Ein ser at Del og bruk er knytta til Clustrmaps.com , ei programvare som lokaliserer alle medlemmane og besøkjande i samfunnet, og set alle på kartet. Som medlem/besøkjande vil ein straks bli lokalisert, og på biletet ser ein at majoriteten er lokalisert i Noreg. Dette kom ikkje som nokon overrasking. Det som er artig er at ein kan sjå medlemmar og besøkjande frå heile verda. I Los Angeles og San Francisco er det over 1000 medlemmar eller besøkjande. Det er truleg at det er mest besøkjande det er snakk om. Eg hadde blitt endå meir overraska om det er ei Pedagogisk-norsk-digitalforeining med hovudkvarter i Los Angeles J

Pedagogiske mulegheiter – oppsummering

I undersøkinga av å finne meir ut av Del og bruk-samfunnet er det lett å bli glad over å sjå alle mulegheitene som finst for lærarar, pedagogar, forskarar, bibliotekarar og liknande. Det er mykje god informasjon og hente av pedagogisk-digital verdi. Ein kan medverke sjølv eller få tips til eiga undervising. Funksjonane, som diskusjonsforum, blogginnlegg, bilete m.m., gjer alle at informasjonen vert sortert og til hjelp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)