fredag 15. januar 2010

Sosial web - Pedagogisk bruk av nettsamfunn?




Sosial web eller Web 2.0 er nemningar som handlar om nettstadar der menneske skapar, delar og distribuerar informasjon og medieinnhald på internett. Bloggar, wikiar og nettsamfunn er døme på slike. Dei er i stadig utvikling og ei undersøkjing av ITU viser at tre av fire ungdomar er medlemmar av ei eller anna form av sosial web.

I dette blogginnlegget vil eg sjå på nokre av desse nettsamfunna og drøfte korleis dei kan ha meirverdi for pedagogisk bruk av IKT. Mange vil sei at dette er stadar som elevar bør halde seg på i fritida, men som pedagogar i skulen og med den store digitale utviklinga er det mykje av digitale nyvinningar ein kan gjere seg nytte av om ein studerer desse stadane. Når ein ser funksjonane og mulegheitene for nettsamfunn og Web 2.0-plattformar som elevar er ein del av, kan ein også få eit større innblikk i kva digital dugleik mange sit med, og som kan nyttast til andre føremål.

Det spesielle med Web 2.0 og wikiar er at det er alle som skapar og produserer. Det er altså ikkje eit produkt av einskildpersonar som professorar, journalistar eller andre profesjonar. Redaktøren av Wired Magazine, skal ha sagt det så lurt at: "Nobody is as smart as everybody". Piratane Pelle og Pysa i Kaptein Sabeltann har også sagt noko liknande: "To øyer ser bedre enn ett". Dette hadde også bakgrunn i at dei begge hadde ein lapp framføre det eine auge. Men poenget er tydelig; Til fleire som ser, tenker og er med, til fleire synspunkt, perspektiv og dess meir informasjon.

Eg vil no ta føre meg nettsamfunna; Facebook og Youtube. I neste blogginnlegg vil eg dukke djupare inn i nettsamfunnet: Del og bruk.

Facebook
www.facebook.com


Facebook er eit sosialt verkty og eit nettsamfunn som har stor utbreiing i verda. Nettsamfunnet har meir enn 350 millionar aktive brukerar på verdsbasis, og i Noreg vart det i ein artikkel i VG, per 23.01.09 gitt eit overslag av 1,5 millionar aktive nordmenn. Dette må ein kunne rekne med å ha auka når ein ser på utviklinga.

Facebook har utvikla seg mykje, og ein kan i dag få nettportalen omsett til sitt eige språk, ja, til sitt eige mål. Ein har per i dag også tilgong til å velje nynorsk (!).

Den store positive eigenskapen med Facebook er at nettstaden på ein enkel og oversikteleg måte samlar venar, bekjente og ukjente saman i eit stort verdsomfattande nettverk. Ein har høve til å legge til kvarandre som venar, og på denne måten få tilgong til informasjon, bilete og kommunikasjon. Ein kan legge ut statusoppdateringar, bilete, lenker og anna, og på denne måten dele det med dei ein har lagt til. Dette gjer at ein til ei kvar tid kan dele og vere oppdaterte på "kva som skjer".

Det som kan vere av negativ art ved ei slik mulegheit er at informasjon, bilete og personopplysingar kan misbrukast. Ein må vere varsam med korleis ein nyttar denne nettstaden. Når ein legg ut informasjon, vert den offentleg. Alt innhald som er der tilhøyrer ikkje lengre "privat arkiv", men er tilgjengeleg for fleire. Og når ein ven har tilgong til "bilete av deg", kan han fritt vise eller kopiere desse til andre, sjølv om ein ikkje sjølv har gitt tilgong. Dette gjelder ikkje berre facebook, men internett generelt.

Gruppefunksjonen i Facebook kan vere av pedagogisk verdi. Om ein ønsker å bruke facebook i læringssamanhengar er denne å føretrekke. Ein kan velje om gruppa skal vere open, privat eller privat og skjult. Slike restriksjonar kan verne kva informasjon som kjem ut. Viss ein i ein tenkt situasjon tenker at ei 10. klasse skal på klassetur til Tyskland. Så kan ein nytte Facebook til å lage ei gruppe for den klassen til å organisere evt. loddsal, innkjøp, tider for møter etc. Etter klasseturen kan elevane fritt laste opp bileter frå turen til denne gruppa. Ein får dermed delt opplevingane sine.

Ein annan funksjon som kan hjelpe til å organisere eit arrangement er "event"-funksjonen. Her kan ein medlem opprette eit arrangement og invitere frå venelista. Dette kan vere til god hjelp om ein vil informere om eit arrangement. Til dømes om MOT skal halde eit foredrag i nærområdet, og lærar ønsker å informere elevane om det.

Ein negativ konsekvens ved Facebook når det gjeld å nytte det pedagogisk er at det er ein risiko for at einskildelevar kan oppleve å bli ekskludert på ulike måtar. Facebook er ikkje berre ein lukka nettportal, men eit verdsomfattande samfunn. Dette gjer at saker som sosial status, mobbing og anna kan hende. Dette kan vere vanskeleg for lærar å oppdage i og med at elevar kan ved hjelp av dei digitale funksjonanen skjule dette lettare enn i eit vanleg klasserom.


Youtube
www.youtube.com



Youtube er eit nettsamfunn der ein kan "kringkaste seg sjølv", jamfør nettsamfunnet sitt slagord. Brukarane eller medlemmane lastar opp, viser og delar videoklipp.

Det som er det fyrste som slår meg når det gjeld Youtube er at det er ein stor ressurs same om ein er medlem eller ikkje. Dette tenker eg fordi alle har tilgong til videoklippa som ligg ute. Dette gjer det meir tilgjengeleg. Ein kan fritt søkje mellom gigantisk mengder med videosnuttar frå mange kategoriar.

Mange skular har no fått prosjektorar som er knytta til ei datamaskin i kvart klasserom. Dette gjer at ein lærar som underviser samfunnsfag kan vise videoklipp frå dagsaktuelle hendingar i samfunnet. Ein lærar som skal undervise samfunnsfag per 15. januar, og som vil samtale om den dagsaktuelle saka om "Jordskjelvet i Haiti", kan via ein prosjektor vise ein Youtubevideo som syner før og etter jordskjelvet. Dette kan legge grunnlag for diskusjon og samtale. Det kan også gjerast til eit tverrfagleg prosjekt og inkludere fag som naturfag, der ein tek føre seg jordskjelv.

For å nytte Youtube meir, er det lurt å bli medlem av nettstaden. Då kan ein sjølv laste opp videoklipp. I pedagogisk samanheng kan dette eigne seg om klassen har fått i oppgåve å lage ein film innanfor eit prosjekt. Då får dei mulegheit til å publisere denne, og det kan verke motiverande. Faren er at det kan skadeleg i forhold til personvern. Heile nettsamfunnet kan då kommentere, og det kan få negative konsekvensar.

Alt i alt, synest eg at Youtube er ein god læringsressurs. Samstundes bør pedagogen eller klasseleiar vere varsom med korleis han/ho legg opp undervisinga med youtube. Det er mykje som ikkje er av pedagogisk verdi. Derfor kan det vere lurt om læraren styrer dette slik at undervisinga ikkje går på ville vegar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)