mandag 15. februar 2010

Comic Life - eit nyttig verkty i skulen?


I dette blogginnlegget reflekterer eg rundt det interessante og artige tekstskapingsverktyet Comic Life, som lagar teikneseriar. Eg vil stille følgande spørsmål: Kan ein nytte eit digitalt verkty som Comic Life i arbeidet med å nå kompetansemåla som LK06 legg fram?

Når det gjeld å finne kompetansemål i LK06 som inneheld ordet teikneserie, er det berre eitt kompetansemål som nemner dette spesifikt. Dette er å finne i kompetansemåla for norsk, under Språk og Kultur. Målet for opplæringa er at eleven skal kunne:

"forklare hvordan mening og uttrykk videreføres og endres når [...] tegneserier [...] oversettes til norsk"
(UFD, Læreplan for norsk, Kompetansemål etter 10. årstrinn)

Samstundes indikerar hovudområdet Sammensatte tekster at ein også skal bruke det utvida tekstbegrepet; tekst, bilete og lyd. Og utifrå dette gjennomgåande hovudområdet kan ein forsvare at teikneserie både er tekst og bilete. Når ein ser på målgruppa; barn og unge. Er teikneserie eit meiningsfullt medium som dei i denne aldersgruppa kjenn seg igjen i. Dette er eit positivt utgangspunkt. Men vert undervisinga berre kasta vekk til tøys og tull?

Noko av poenget med å bruke eit slikt verkty er å få breidde i det samansette tekstbegrepet som ein handsamar i norskfaget. Og med digitale verkty som grunnleggande dugleik er vi langt på veg til å forsvare ein slik bruk. Men kostar det noko å bruke?

Comic Life er eit lisensiert program, men ein kan bruke det gratis inntil 30 dagar, og når ein tenker norskfaget, som eg har tatt utgangspunkt i her, er ikkje det mykje av den totale tida ein brukar på teikneseriar. Så ein kan velje å sjå på 30 dagar som ein deadlinefrist i staden. Det blir på denne måten effektivitet og "trøkk" i norskundervisinga.

Om vi tek utgangspunkt i kompetansemålet ovanfor der elevane skal forklare korleis meining og uttrykk vidareførast når teikneseriar vert omsette til norsk, kan læraren gi elevane ei praktisk erfaring på dette området. Læraren kan la elevane undersøke og leite etter engelske teikneserie-striper på internett. Til dømes ved å søke: "comic strip" på Flickr. Elevane kan deretter ta utgangspunkt i ei teikneseriestripe, og deretter prøve å omsetje den til norsk. Prosjektet kan på denne måten koplast til engelskfaget. Men denne undersøkinga er også for å få inspirasjon til eigen produksjon.

Arbeidsmåtane vil i dette prosjektet basere seg på gruppearbeid, der fleire elevar samhandlar og er med i læringsprosessen ved å aktivt ta del, undersøkje, samtale, produsere, teikne, skrive etc.

Under kan du sjå korleis eg løyste oppgåva. Humor er viktig - uansett. Skal elevane verte kreative og engasjerte samfunnsborgarar er det viktig med varierte aktivitetar som stimulerer dette. Eg meiner Comic Life er eit herleg innslag i skulekvardagen!


Have a comic day !!!

4 kommentarer:

  1. Digresjon om stein, saks, papir og augmentet reality (se videoen til høyre). http://www.t-post.se/rockpaperscissors

    SvarSlett
  2. Artig webcam-spill! Det afrikanske ordtaket jeg brukte i tegneseriestripa er forresten litt moderert. Jeg har forandra litt på siste setning. Originalen: "Ingen kan viske det ut". Men det passa bedre med "klippe".

    SvarSlett
  3. Det var en reflekterende og god blogg! ..og det var jo kjekt at jeg kunne være en del av den, selv om jeg ikke har blitt spurt om det på forehånd. Det er vel også noe vi skal ta med i våre betraktninger.

    SvarSlett
  4. Takktakk! Beklager at eg ikkje har spurt deg. Om du synest det ikkje passar seg, kan eg fjerne det, eller redigere deg bort. Berre sei ifrå:)

    (Du vinn forresten stein-saks-papir-duellen. Eg trur eg vinn, men så ser eg ikkje at du har vunne)

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)