lørdag 27. februar 2010

Generasjon.com - Mediekultur i sesamgata

"Hi-ho, this is Kermit the Frog here, reporting for the Sesame Street News."

I dette blogginnlegget vil eg reflektere rundt dei fyrste kapitla av Elise Seip Tønnesen si bok: "Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge".

I forordet av boka gir Tønnesen uttrykk for kvifor ho har kalla boka generasjon.com og ikkje generasjon.no. Ein skulle gjerne tenke seg at den unge mediegenerasjonen ville vore naturleg å karakterisert som generasjon.no pga ein veks opp i Noreg. Men Tønnesen seier at generasjon.com indikerar det internasjonale aspektet. Via media har barn og unge tilgong til heile verda. Dette er eit av karakteristika av den nye generasjonen. Dei landlege grensene er på mange måtar sletta i det dei unge har opne sluser til ein verdsomfattande informasjon- og mediestraum.

Sjølv, så høyrer eg ifølgje Tønnesen til "Sesam-generasjonen". Eg kjenner eg blir glad når eg høyrer nemninga. Dette har røter i mine gode opplevingar frå barndomen med Sesam stasjon. Du har kanskje, eller kanskje ikkje, fundert over kvifor eg har valt skrive "mediekultur i sesamgata", og ikkje "mediekultur på sesam stasjon" i tittelen av dette blogginnlegget. Eg har nemleg "tatt ein Tønnesen". I barndomen opplevde eg nemleg å sjå sesam stasjon-varianten på engelsk også: "Sesame street".

Eg passar på den måten inn i definisjonen som Tønnesen gir på "Sesam-generasjonen":

De unge som kan kalles "Sesam-generasjonen", representerer den første
generasjonen i Norge som har vokst opp med et kommersielt flerkanaltilbud
i fjernsynet. Samtidig har utbredelsen av datamaskiner til hjemmebruk og
tilknytning til verdensveven skutt fart i løpet av deres barndom. (Tønnesen,
2007 s.11)

Det at eg fekk med meg sesam stasjon på engelsk var grunna det kommersielle fleirkanaltilbudet i fjernsynet.
Som barn såg eg også "Teenage Mutant Ninja Turtles" på svensk, "Donald Duck" på dansk (Anders and) med meir. Eg har ei god kjensle når eg tenker på at eg fekk dette tilbudet, medan min foreldregenerasjon måtte klare seg med "Pompel og pilt".



Tenke spørsmål: "Hva holdt "Sesam-generasjonen" på med? ..altså avgangselever i VGS
2008-2009 når de var i tidlig skolealder. Var de på Nettby , Blink og Facebook?"

Nei, no skal du høyre! Eg var avgangselev i VGS litt før 2008-2009, men eg har mykje data frå mi eiga tid som grunnskuleelev. Dei første åra mine på barneskulen hadde nemleg berre nokre klasserom datamaskiner. Desse hadde berre DOS, og dei store aktivitetane var "alfabetspelet". Tydeleg inspirert frå behaviorismen, var det ein konkurranse å skrive alfabetet på fortast muleg tid. Ein fekk på denne måten rekordar og (ytre) motivasjon til å fortsette.

Seinare fekk vi ei datamaskin på kvart klasserom og desse var utstyrt med kabal, minesveiper og paint (slik som eg hugsar. sikkert kontrollpanel og andre spanande tenester óg, men utan fare for å gløyme dei).

Når eg så kom i 11-13årsalderen hendte det store mIRC-gjennombrotet, og chatting vart meir og meir populært innen sosiale media. Ein kunne operere under anonym eller pseudonym, alt ettersom dagsformen laut vere. Ein kunne leve ut sine ambisjonar og draumar gjennom å verte @ / op på ein gitt kanal (operator). Som operator kunne ein vere sosial-politi og kaste ut eller fremje dei ein ville.

Eg var ein operator (op). På #Urge (ein kanal, og mi dåverande favorittbrus). Eg opererte under dekknamnet MaNiAC.

Som du sikkert skjøner var det spanande å eksperimentere med store og små bokstavar. Og slik var også datainnlæringa med meg. Dei eldre hadde så mange sperrer for å bruke internett. Vi i sesam-generasjonen berre eksperimenterte, og leika inn kunnskap om operativ-system og funksjonar.

Så kom blink, for fullt, i vidaregåande-tider, og dei fleste i sesam-generasjonen var velutyrt med dei kunnskapane som skulle til for å overleve i det sosiale samfunnet. Frå mitt perspektiv. Men etterkvart som den digitale utviklinga gjorde framgong, og på så måte dei sosiale media, har det blitt andre utfordringar ved bruken.

I dag er ekte namn, personlege bilete og personopplysingar mykje lettare tilgjengelege (og då også meir sårbare eller sensitivet). I dag vert også, som Tønnesen påpeikar, barn tidlegare "digitale". Ein treng ikke gå ned i sesamgata for å få eit møte med dei digitale media. Dei er heime hjå alle og ein kvar.

Sett i eit 50 års perspektiv er ikkje digitale medier som "romvesen" heller. Kermit har ein bodskap til oss alle:


Martian: "E.T.?"
Kermit: "No, no not E.T., Kermit the Frog."



Pensumkjelder:

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,
Universitetstforlaget.


Andre kjelder:

Sesam stasjon, Kermit the frog [Internett]. Tilgjengeleg frå:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)