lørdag 27. februar 2010

Geotagging for snømåkarar

I dette innlegget skal eg sjå på geotagging. Omgrepet geotag inneberer at ein "taggar" eller knyter geografisk informasjon til eit bilete som ein publiserer på Internett. Eller som Wikipedia (eng.) vil seie det:

"Geotagging is the process of adding geographical identification metadata to various media such as photographs, video, websites, or RSS feeds and is a form of geospatial metadata" (Wikipedia)

Wikipedia har ein litt vidare definisjon som inkluderer video, nettstadar og RSS feedar. Vi skal i denne oppgåva sjå på geotag når det gjeld bilete.

For å geotagge eit bilete, vel eg i denne oppgåva å nytte meg av den tidlegare nemnde programvara Picasa. Eg nyttar nettalbumet mitt til å publisere det, deretter går eg inn i picasa og klikker på "Geotag"-knappen. Men Google Earth spela meg eit puss, og eg var hengandes opp i feilkommandoar etter feilkommandoar. Kjedeleg når Google Earth vil konfigurere seg i hel. Men!



Som medlem i Sesam-generasjonen, gir eg aldri opp. Til ein gitt veg A, finnes det alltid ein veg B.
Så eg navigerte meg litt i rundkøyringa på Picasa Nettalbum. Der fann eg ein link med "bildeplassering". Eg klikka på den og fekk opp dette vindauget:


Eg kunne slik enkelt og greitt skrive inn staden bilete var tatt og trykke "lagre plassering".


Slik! No veit alle kor eg måka bilen min ein vinterdag i januar 2010. Om du vil sjå det ferdige resultatet nærare kan du klikke på bilete eller besøke nettalbumet mitt.

Ha ein fin dag i terrenget!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)