søndag 21. mars 2010

BCS - A competition over troubled water

BCS boxshot

Welcome to the true completion and fulfillment of LEVEL 3 in BCS.

Før eg tek til vil eg minne om at Steel Dragon 6911 - The Bridge over Level 3, er blitt tatt patent på og det vil vere til salgs i slutten av september på di lokale trebrygge.

Vi minner om Åndsverklova:

"Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket. [...] Opphavsretten gir innen de grenser som er angitt i denne lov, enerett til å råde over åndsverket ved å fremstille varig eller midlertidig eksemplar av det og ved å gjøre det tilgjengelig for almenheten [...]".


Dette blogginnlegget har pedagogisk programvare som tema, og eg har testa ut eit dataspel som heiter Bridge Construction Set. Dataspel er meir og meir diskutert som aktuelt for skulen. Nokre meiner ein skapar ein "leikeskule", medan andre meiner at skulen sine arbeidsmåtar ikkje er tilpassa den unge generasjonen. Noko i djupna av denne brennheite debatten vil eg ikkje gå, men eg vil gjennom å meistre nivå 3 i Bridge Construction Set fortelje om mine refleksjonar rundt spelet sin pedagogiske verdi.

Ved første augekast tenkte eg "dette vert kjekt", samstundes utfordrande. For eg må innrømme at å bygge bruer er ikkje noko av det eg har gjort mest (om vi berre ser på det denotative innhaldet, vel å merke). Men det er spesielt i denne situasjonen, der eg ikkje på førehand har meiningar, haldningar eller erfaringar knytta til spelet, at eg kanskje kan sjå spelet med nye auge.

Eg kom fort inn i spelet, og nytta "prøve-feile"-strategien. Denne fungerte veldig godt, og eg byrja å prøve ut ulike konstruksjonar. Eg prøvde fleire ulike før eg fekk godkjent den første brua mi på nivå 1. Når eg hadde fått godkjent den, følte eg at eg hadde knekt byggekoden, og følte meg nøygd med design/pris/realitetsorientering.

Her er kan du sjå eit oversyn over korleis eg løyste nivå 3:


Eg hadde eit budsjett på $ 15000, og brukte nøyaktig $ 6911 ,- (Slå den, du, Kjell!)
Eg føler eg traff på ein enkel og driftsikker konstruksjon, eigna for masseproduksjon og gode vedlikehaldsmoglegheiter.

Her er eit bilete som viser den flotte brua i eit fiktivt landskap med animerte bilar som køyrer over:

Er ho ikkje fin?


Ingen brutte lenkjer her i garden, nei!


Bridge Construction Set er ei lærerik programvare som lærer ein mykje om bærekraft, konstruksjon, gravitasjon og meir. Det er eit spel Jean Piaget ville ha likt, trur eg. Han hadde sansen for kognitive konstruksjonar og byggjing.


SUKSESS-KRITERIER:

1. Du må våge å spele BCS!

argumentasjon:

Action is the foundational key to all success.
Pablo Picasso

Defeat is not the worst of failures. Not to have tried is the true failure.
George Edward Woodberry

2. Ikkje ver redd for å feile

argumentasjon:

In order to succeed, your desire for success should be greater than your fear of failure.
Bill Cosby

3. Et deg ein god frukost

argumentasjon:

Vegetables are a must on a diet. I suggest carrot cake, zucchini bread, and pumpkin pie.
~Jim Davis

Frå spøk til alvor. For på oppnå suksess i BCS, må du tenke "utanfor boksen", du må våge å bulke den. Våge å ta feil for i neste rekkje å få eit produkt som fungerer. Eg kan tenke meg at mange elevar i skulen som er vande med å oppnå meistring får røyste nakkehår av dette spelet. Det er nemlig ikkje tufta på "rett og feil svar", men eit mangfold av løysingar.


Her er ein smakebit frå level 4 og 5 (The steel dragon has finished the game - eaten for breakfast):

fortress of steel:


And never broken links:




Can you beat the Steel Dragon 6911 ?




Kjelder:

Bridge Construction Set [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.chroniclogic.com/pontifex2.htm

Åndsverkloven (1961-2009) [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html.

2 kommentarer:

  1. Hihi.. koser meg med snadder og krydder i det du skriver om denne aktiviteten. Jag burde derfor kanskje ikke trampe rundt i dette kreative blomsterbedet ved å si at $6911 er mulig å slå med meget god margin? Vel, gjort er gjort ;) ..du tar det nok bedre enn enkelte 10-klassinger ved VUS.

    SvarSlett
  2. Takk, takk! Bloggen min blir nok aldri heilfinansiert av AdSense, men er fornuftig på sin eigen måte.

    Det var godt at Steel Dragon blei god for noko, da :-)

    If I HAdSense - what would I do?

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)