onsdag 31. mars 2010

Informasjonskompetanse - ein dans gjennom kunnskap?


Informasjonskompetanse handlar ifølgje Birgitte Kleivset om tre ting:


1. Finne
2. Vurdere
3. Bruke


Å søkje etter informasjon er tidkrevjande, derfor er det viktig at søkja er effektive og føremålstenelege. Når ein søkjer etter informasjon er det viktig å ha nokon kriterier for kva som er god informasjon. Det er nødvendig med kritisk vurdering når ein skal navigere seg gjennom dei hav av informasjon som er tilgjengelege. Å vite kva informasjon som er relevant, er ikkje opplagt ettersom veldig mykje informasjon blir lagt ut ukritisk. Problema oppstår når menneske ikkje ser forskjel. Kva då?

Som lærarar og pedagogar i skulen har vi eit ansvar for å hjelpe elevane til ein skjønsmessig bruk av internett. Slik eg ser det, vert denne rolla lik mykje av anna av den didaktiske verksemda i skulen. Læraren bør ikkje overstyre elevane, men oppmuntre og tilretteleggje. Men i forhold til oss i den litt eldre garde, som er digitale immigrantar, altså dei av oss som har stifta bekjentskap med IKT i mogna alder - Har dei som er digitale innføydde, dvs. dei som har vokst opp med IKT, automatisk informasjonskompetanse og -medvit?

Det er her den britiske rapporten "Information behaviour of the researcher of the future" i 2009, kom med nyttige data ang. dette. Den hevdar nemleg det at unge er veldig gode å søkje og finne informasjon digitalt, men manglar kritisk vurdering, søkjekriterier, etisk medvit m.m.

Dette gjer at det i 2010, som lærar og oppretthaldar av den femte viktige grunnleggjande dugleiken, er viktig å vere medviten og fokusert på dei nye utfordringane i tida. Ein skal ikkje slå spikaren i kista, og seie at "slik er det", men heller vere obs på nye problemstillingar som kjem opp for dagen. Og her er det mange som fell av lasset og "kjenner si besøkjelsestid". For informasjonsmengder gjennom IKT er ikkje å stoppe, og nye medium leverer det på døra, anten ein vil eller ikkje. Ein kan lett bli "gamal og skrukkete" om ein ikkje held seg oppdatert.

Men om ein "snur på trestykkjet" og tenkjer at informasjon er informasjon, og det er visse kriterier som er langvarige og (litt) uforanderlege, kan ein som lærar gi elevar nødvendig informasjon til å søkje etter rett informasjon. Det handlar om å dele ut dei rette brillene til elevane, gi dei dei "raude linene" som evt manglar.

Eg trur det ikkje er svart eller kvitt. Det er det som regel ikkje. Men det er nok eit faktum at ein majoritet av unge i dag har stor IKT-kompetanse. Manøvreringskompetanse, men manglar framleis god informasjonskompetanse. Kompetanse til å skilje god informasjon frå dårleg.

Derfor vil eg avslutte dagens innlegg med ein refleksjon (Ikkje ulikt tenkespørsmål. Kredittering til DKL-studia ved HVO for alle gode tips):


Refleksjon:

"Er ein ekorn-oppførsel gjennom informasjonsmengder noko for elevar i skulen ?"



> Elevane samlar informasjon
> Søkjinga er tilfeldig
> Mykje av det dei finn er lite relevant
> Det blir klipp og lim.

(Alexandersson, ifølgje Overland, leksjon 2010)



Kva meiner du?








(3D-briller, eller ikkje 3d briller?)

(Det er spørsmålet...)





Kjelder:

CIBER (2009): Information behavior of the researcher of the future [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.jisc.ac.uk/media/documents/programmes/reppres/gg_final_keynote_11012008.pdf


Ekorn-oppførsel-illustrator [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.itsnature.org/Wallpaper/images/full/2.jpg

Alexandersson (2007): Rektors ledelse av skolens IKT-utvikling [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://ledamedit.skolverket.se/leda_larande/inspireras/Alexandersson/


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)