mandag 22. mars 2010

Tilpassa opplæring - Meirverdi gjennom IKT?





Tilpassa opplæring er ein lovfesta rett for alle elevar i den norske skulen. Samstundes er det eit ideal, ei leiestjerne ei tek ut kursen ved og prøvar å nå.

I paragraf 1-3 i Opplæringslova (1998-2009) står det:

"Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten."


Det er på denne måten ein rett gitt ved lov. Likevel er det slik at det er opp til kvar einskild lærar å følgje opp dette i praksis i eige klasserom (Det er også ein del administrative forhold og rammevilkår som ligg til grunn). Men til sjuande og sist er det læraren sitt ansvar. I eige klasserom. Til eigne elevar. Korleis kan IKT vere ein ressurs til å nærme denne leiestjerna?

Vi veit at elevar har ulike læringsstilar, ulike måtar å å lære på (lærer best på), samstundes som alle lærer gjennom å nytte fleire medium. Så om ein elev er mest auditiv, visuell eller taktil, så er ikkje det heile. Elevar har godt av variasjon, og betydinga av ein planlagt og tilrettelagt time frå læraren si side, kan vere avgjerande nok. Der eleven vandrar i eit miljø som legg tilrette for varierte læringsaktivitetar, kan læring skje.

Tilpassa opplæring har to sider, ordinær undervising og spesialundervising. Majoriteten følgjer den førstnemnde. Den har også ein vid og ein smal dimensjon. Den vide forståinga av omgrepet er at tilpassa opplæring skal vere ein gjennomgåande faktor i all verksemd i skulen. Denne forståinga er som ein pedagogisk og politisk ideologi for skulen. Den smale forståinga av omgrepet går på konkrete metoder og tiltak som vert gjort. Det er denne som er av størst betyding for IKT-lærar Hvermannsen.

Å vere eit menneske i 2010 og sjå den enorme digitaliseringa av alt, er stort. Korleis yrke vert digitaliserte (t.d. kinomaskinistyrket), korleis IKT fungerer som ein tidsparar (brevveksling utan frimerke og postkontor) og miljøkjempar (digitale brev, framfor mykje papir).

Slik har IKT komt med nye løysingar for å tenke på når det gjeld læringsarbeid også. Med Kunnskapsløftet kom den nye grunnleggjande dugleiken: "å bruke digitale verktøy". Dette er eit signal frå sentralt hald om at IKT er viktig i det 21 århundre.

Frå eiga erfaring ser eg meir og meir korleis eg sjølv, ettersom klasseroma vert meir tilrettelagt for IKT i læringsarbeidet, vil bruke IKT i mi eiga undervising. Eg har vore utplassert i praksis på eit par nye skular der prosjektorar var montert opp, slik lærar kunne vise og bruke det digitale. Interaktive tavler er også meir og meir å sjå i skulane. Desse gjer at elevane kan vere aktive i ein klasseromssituasjon. Eg trur nye måtar å gjere ting på er bra for idealet om tilpassa opplæring. Det handlar om å ta tak i den situasjonen barn av vår tid befinn seg i.

Samstundes kan ikkje IKT vere svaret på alt. IKT er berre eit verktøy. Lærar må sjølv vurdere kva lærinssituasjonar som IKT kan gi meirverdi for. Det er ei tilpassingssak. Når eg i februar sat på Aasen-bygget og avgjorde ein skriftleg eksamen i GLSM, hadde eg ikkje tilgong til datamaskin og måtte fint greie meg med eit papir-tankekart. Og eg veit: hadde eg fått skrive på data hadde eg fått skrive meir. Men når ikkje tida er komen, så er den ikkje det. Men eg er sikker på at i 2015-2020, må det vel vere muleg å skrive på data på ein eksamen ved ein høgskule. Eg håpar det.

Slik må vi også vere med klasseroma i skulen; korleis er dei utstyrte? Er dei tilrettelagt for IKT i undervisinga? Eg trur IKT kan spele ei nøkkelrolle i å skape breidde, skape tilpassa opplæring, ein reiskap for mangfaldet.







Kjelder:

Opplæringslova (1998-2009) [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.lovdata.no/all/hl-19980717-061.html.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)