fredag 16. april 2010

Animasjonsfilm: "Espen målbinder prinsessa"

Fredag 16. April var dagen for videoproduksjon på DKL samling.
Eg, Øyvind, Beate, Marit og Stian var på gruppe og tok utgangspunkt i ei scene der Espen Oskeladd prøvar å målbinde prinsessa. Dette er ei alternativ utgåve.
Vi hadde med oss digitalt stillbiletekamera, kamerastativ, plastilin, duplofigurar, ark, microfon (frå 70-talet!) m.m. Så nytta vi Windows Movie maker til å lage filmen, og redigere alt. Denne arbeidsmåten var veldig inspirerande og aktiv. Ein kan lære mykje av å lage film. Eg lærte at det er dei små detaljane som tel, av og til. Og så lærte eg at det hjelp å improvisere. Til dømes når ein skal få ein dykkarmann til å slå hjul eller stå på hendene.




lørdag 10. april 2010

Martin Luther King Jr.




Martin Luther King Jr.
  • Born: 15 January 1929
  • Birthplace: Atlanta, Georgia
  • Died: 4 April 1968 (assassination by gunshot)
  • Best Known As: The civil rights hero who said "I have a dream"
(Source: Who2 Biographies [Online]. Available at: http://www.answers.com/topic/martin-luther-king-jr).


fredag 2. april 2010

Nettspel og informasjonskompetanse

Øvingsoppgåve 1:


Korleis kan nettspel styrkje elevane sin informasjonskompetanse?

I 2002 laga leksjonshaldar, Jan-Arve Overland mfl. eit nettspel som vart kalla "Den store reisen". Spelet er ikkje operativt lengre, så han har lagt ut episodane i tekst-form i bloggen sin. Eg vil prøve å hente ut informasjon av spelet sitt manus, og deretter svare på spørsmåla på denne sida.

Sånn opp i hovudet, tenkjer eg at det er lettare å hente ut og få prova sin informasjonskompetanse ved å prøve spelet. Multimodale tekstar, tekstar med lyd og bilete til, er godt eigna for å fange eleven. Men som vidarekomen høgskulestudent er det ei utfordring god å prøve seg på.

Eg får litt backpacker-kjensle og "onkel-reisande-mac"-stemning når eg no tek til på ei passande påskenøtt.

Det umiddelbare for meg, som medlem av sesamgenerasjonen, er å nytte Internett for å hjelpe meg å løyse desse oppgåvene. Eg har ikkje aning om dette er feil, eller ein aktiv og konstruktiv prosess i å hente ut informasjon, og å finne relevant og "berekraftig" informasjon (Det same gjorde eg på påskenøttene på NRK1 i dag når eg ville finne ut kva riksteateret til Leif Juster heiter).

And what are the odds?


(Ser du kva søkjemotor eg har nytta? - Ikkje sesam.com iallefall... Er eg eit barn av Google?)

Rett svar fekk eg i allefall. Same med det første spørsmålet av Overlands quiz:

1. "I hvilken by befinner Torvald seg?"

Dar Es Salaam
Oslo
Nairobi
Los Angeles

Framgongsmåte til svar:

hmm....

Eg merkar meg av nokre nøkkelord: "Ngong og Farmen". Desse skil seg ut frå resten av reisebrevet med større semantisk innhald. Eg merkar dei av og klikkar på Ctrl + C (snøggtast for: kopier), eg går deretter inn i Google og trykkar deretter Ctrl + V (snøggtast for: lim inn)

Eg synest det er litt uoversikteleg. Eg får aningar om Overland eigentleg ville eg skulle ha brukt Answers.com, men eg har tidspress, og ser kjapt "Farmen ved Ngong hills" (Eg har med ein geografisk stad å gjere. Dette visste eg eigentleg på førehand.. høhø ..men likevel, eg fekk det bekrefta, som den kjeldekritikar eg er).

Eg er no på jakt etter ein geografisk stad (det heile går framleis veldig raskt og eg noterer framleis sekund for sekund her). Eg klikkar på Bilete-fana i google, og finn dette på første sida:


Og vips: Eg har løyst spørsmål 1, utan noko bilete eller lydklipp. Dette gjekk raskt, og eg har fått den bekreftelsen eg treng for å ta dette som "god fisk". Dette har med røynsle og kunnskap å gjere. Ein elev i 5 årstrinn, som ikkje har den same røynsla og fartstida med Internett, og vil kanskje kome fram til same svaret via andre søkjestrategiar.

Eg legg ikkje ut fasiten på fleire av oppgåvene eg løyste grunna omsyn til mine medstudentar, som kanskje ikkje har fått gjort denne oppgåva enda. Det vil også vere respektlaust med omsyn til leksjonshaldaren å publisere ein open fasit på nettet.

For meg vart denne oppgåva (eller spelet), eigentleg meir som ein tekst-quiz. Eg har likevel ei fiktiv og imaginær oppleving korleis dette spelet ser ut, og korleis det kan verke på elevar.

Interaktive spel som "Den store Reisen" kan stimulere elevar sin informasjonskompetanse. Ved å få informasjon gjennom tekst, bilete og lyd i form av eit spel, er det ikkje berre tørre kunnskapsblokker, men leik som læring. Læringa skjer på elevane sine premissar, og ein lærar dette inn utan å sjå på klokka og gjespe. Elevane får røynsle med å hente informasjon ut av multimodale stimuli og vil på denne måten få opparbeida sin eigen kompetanse i å skilje god informasjon frå dårleg.

Framleis god påske!

torsdag 1. april 2010

Netvibes - eit informasjonsnav


Det krev alltid litt ekstra å lære seg ein heilt ny plattform og nye spelereglar. Å bryte Google-båra og surfe vidare i det opne havgapet. Men det er også litt spennande.

Netvibes er eit web 2.0-verkty som muleggjer moglegheiter for at brukaren sjølv filtrerar og tilpassar kva informasjon som skal nå han. Vi kallar det eit informasjonsnav. Eg meiner på at ordet nav er ei kortform for ordet navigasjon, som indikerar at informasjonen vert navigert på brukaren sin portal, i dette tilfellet. Netvibes er delt inn i faner og er ein RSS-lesar som filtrerer og leverer informasjon.

Eg har laga meg ein Netvibes-konto og portal. For det fyrste er det viktig å gjere seg kjend: Nullstille seg sjølv og oppdage kva slags funkjsonar og moglegheiter Netvibes tilbyr. Eg hengte meg opp i dei ulike tema-bakgrunnane ein kunne velje. Dette er ein del av personifiseringa. Ved å leggje til profilbilete, litt info og eit personleg tema, gjer ein portalen til sin eigen. Ein får lyst til å bruke den - rett og slett.

Deretter følgde eg førelesaren i informasjonskompetanse sine råd om å leggje inn RSS-feedar frå Answers.com (ei veldig bra side for oss som meistrar engelsk på eit minstenivå). Dette er ei spørje-svare-side, som tillet interaksjon mellom spørjande og vitande.

Tilbake til Sokrates, min ven.

RSS-straumen eg la inn var denne: http://www.answers.com/main/
TodaysHighlights.xml <--- Som du ser står det .xml heilt til slutt. Dette indikerar at det er ein RSS, som skal leggjast inn i ein lesar for å oppfylle sitt føremål.

Deretter la eg inn fleire småprogram (widgets) og RSS-feedar som var såkalt essensielle. Det skal bli spennande å pønske ut eit scenarie i skulen ein kan få bruk for Netvibes. Eg trur eit slikt nav kan brukast til veldig mykje. Det er samlande for all aktivitet. Det er i kontiunerleg oppdatering og oversikteleg å bruke.

I skulen har eit slikt informasjonsnav uante moglegheiter. For på denne plattformen er ein fullt og heilt sin eigen komponist. Læraren kan på den måten lage informasjonsressursar til elevane. Desse ressursane er det læraren som bestemmer. På denne måten er det ein viss kontroll og ei viss tilretteleggjing. Netvibes kan også brukast, via widgets (småprogramma) gjerast til interaktivt for sosial aktivitet, ved at ein legg inn sosial programvare som ein nyttar i skulen (bloggar, wikiar etc.) og gjer det tilgjengeleg i Netvibes-portalen.

Her er eit skjermkutt frå navet mitt :



Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)