torsdag 1. april 2010

Netvibes - eit informasjonsnav


Det krev alltid litt ekstra å lære seg ein heilt ny plattform og nye spelereglar. Å bryte Google-båra og surfe vidare i det opne havgapet. Men det er også litt spennande.

Netvibes er eit web 2.0-verkty som muleggjer moglegheiter for at brukaren sjølv filtrerar og tilpassar kva informasjon som skal nå han. Vi kallar det eit informasjonsnav. Eg meiner på at ordet nav er ei kortform for ordet navigasjon, som indikerar at informasjonen vert navigert på brukaren sin portal, i dette tilfellet. Netvibes er delt inn i faner og er ein RSS-lesar som filtrerer og leverer informasjon.

Eg har laga meg ein Netvibes-konto og portal. For det fyrste er det viktig å gjere seg kjend: Nullstille seg sjølv og oppdage kva slags funkjsonar og moglegheiter Netvibes tilbyr. Eg hengte meg opp i dei ulike tema-bakgrunnane ein kunne velje. Dette er ein del av personifiseringa. Ved å leggje til profilbilete, litt info og eit personleg tema, gjer ein portalen til sin eigen. Ein får lyst til å bruke den - rett og slett.

Deretter følgde eg førelesaren i informasjonskompetanse sine råd om å leggje inn RSS-feedar frå Answers.com (ei veldig bra side for oss som meistrar engelsk på eit minstenivå). Dette er ei spørje-svare-side, som tillet interaksjon mellom spørjande og vitande.

Tilbake til Sokrates, min ven.

RSS-straumen eg la inn var denne: http://www.answers.com/main/
TodaysHighlights.xml <--- Som du ser står det .xml heilt til slutt. Dette indikerar at det er ein RSS, som skal leggjast inn i ein lesar for å oppfylle sitt føremål.

Deretter la eg inn fleire småprogram (widgets) og RSS-feedar som var såkalt essensielle. Det skal bli spennande å pønske ut eit scenarie i skulen ein kan få bruk for Netvibes. Eg trur eit slikt nav kan brukast til veldig mykje. Det er samlande for all aktivitet. Det er i kontiunerleg oppdatering og oversikteleg å bruke.

I skulen har eit slikt informasjonsnav uante moglegheiter. For på denne plattformen er ein fullt og heilt sin eigen komponist. Læraren kan på den måten lage informasjonsressursar til elevane. Desse ressursane er det læraren som bestemmer. På denne måten er det ein viss kontroll og ei viss tilretteleggjing. Netvibes kan også brukast, via widgets (småprogramma) gjerast til interaktivt for sosial aktivitet, ved at ein legg inn sosial programvare som ein nyttar i skulen (bloggar, wikiar etc.) og gjer det tilgjengeleg i Netvibes-portalen.

Her er eit skjermkutt frå navet mitt :



2 kommentarer:

  1. Det er alltid interessant å lese blogginnlegga dine, Kim-Daniel. Du skriv på ein fengande måte, og du avslørar at du har innsikt i det du skriv om. Eg har tenkt at ordet "nav" viser til den sentrale delen av eit hjul, altså at informasjonen dreiar seg rundt (informasjons)navet. Men eg har ikkje sjekka det opp, altså, eg fekk berre den assosiasjonen.

    SvarSlett
  2. Takk. Det høyrest klokt ut. Eg har undra meg over det. Vore innom tanken på at det kan ha noko med navigation å gjere. Men det du nemnde gir god meining. Vi får sjekke det opp.

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)