tirsdag 28. september 2010

Er læraren flaskehalsen til digital kompetanse i skulen?

Den digitale evolusjonen i samfunnet har uvikla seg mykje på kort tid. Å vere lærar i 2010 krever difor og følgjeleg ein heil del meir når det gjeld det digitale, enn før. Korleis er dette forholdet mellom lærar og IKT i dag? Vert digital kompetanse i skulen erverva av elevane i adekvate mengder, eller vert forholdet mellom den digitale utviklinga og læraren å samanlikne med fabelen om "haren og skilpadda", berre at haren ikkje stoppar ved treet for å ta seg ein etterlengta blund?


(Biletleg framstilling med utgangspunkt i "Æsops fablar", kunstnar: ukjend, mine merknadar).

Ein NRK-artikkel ved namn Læreren er flaskehalsen (NRK, 19.08.2009) problematiserer forholdet mellom den digitale kompetansen hjå elevane i skulen og læraren sitt ansvar for å leggje til rette for elevane. Vibeke Kløvstad seier at:

"Elevene lærer mindre i fagene, og vi risikerer at en stor andel av elevene står uten basisferdigheter i data når de kommer på videregående."
(Kløvstad, ifølgje Høyer og Hasselgård, 2009)

Kløvstad refererer her til ein tilstandsrapport av ITU monitor (2009) Skolens digitale tilstand, der eit av hovudfunna var at:

"Grunnskolen ligger fortsatt langt etter videregående skole når
det gjelder bruk av IKT i det daglige skolearbeidet. Resultatene
fra perioden 2003 til 2009 viser at det har vært ulik utvikling i
bruk av IKT for elevene i grunnskolen og videregående skole."

(ITU, 2009, mine merknadar)

Vi kan difor seie at forsking har synt at den ønskjelege progresjonen som ein så klarsynt forutsåg, ikkje har komt i oppfylling. Likevel kan vi spørre: "Har læraren nøkkelrolla i dette?". Eller som NRK-artikkelen proklamerer: "Er det læraren som sviktar?" (Høyer og Hasselgård, 2009).

Ei viktig opplysing i denne saka er variasjonen frå skule til skule og lærar til lærar. Her viser ITU (2009) sin rapport at det i likskap med tidlegare målingar er "store variasjoner mellom elever, skole og trinn" (s.5, andre punkt). Dette vil i praksis seie at nokre lærarar sviktar, medan andre ikkje gjer det, i motsetnad til Høyer og Hasselgård sine eksessive ord. Dette må takast med i reknestykket.

Morten Søby forklarar i rapporten "Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen" (2005) ein definisjon av omgrepet digital kompetanse:

"Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, 2005)

Når ein seier at læraren er flaskehalsen i forhold til at elevane skal få den digitale kompetansen som læreplanen (LK06) og dei sentrale styringsdokumenta krever, gir ein læraren ei sentral rolle jf. illustrasjon nedanfor.

"Ingen flaskehals, ingen digital kompetanse?"

I flaska ser vi alle dei komponentane som Søby (2005) gav oss i definisjonen av digital kompetanse.

Paradokset i utsagnet: "Elevene har fått it-utstyr i verdensklasse. Det er lærerne som svikter." ser vi eit anna hovudfunn som ITU-rapporten synte, men som ikkje vart vektlagt. Nemleg at: "Lærerne rapporterer om begrenset bruk av digitale læringsressurser". Om vi skal tru på dette, er det ikkje berre lærarane som sviktar. Då må det vere noko som "skurrar" ein eller annan plass i utdanningsnasjonen Noreg, også sentralt sett. Og ved ei stor spennvidde av kven av skulane i landet som har adekvat digitalt utstyr, kan det ikkje vere lett å vere lærar på ein skule med begrensa digitalt utstyr.

Korleis tolkar vi metaforen: "Læraren som flaskehals?". Tenker vi at:
1. Læraren skal gjennom sin digitale kunnskap "flaskepåfylle" elevane med ferdige, digitale kunnskapsblokker (jf. behaviorisme).

Eller

2. Kan ein lærar (også) vere ein flaskehals berre ved at elevane får tilgang til digitalt utstyr og får moglegheita til å jobbe med digitale verkty i læringsarbeidet gjennom eigenaktivitet (jf. kognitiv-konstruktivisme).

Om ein opplever at spørsmål 2 er eit "svar: ja"-spørsmål, vil digitalt utstyr og læraren som legg til rette for digital kompetanse i skulen vere proporsjonale (ideelt sett/theoretically speaking). Jo, meir utstyr ein lærar har i klasseromet, jo meir moglegheiter har elevane for å erverve digital kompetanse.

Men kvifor viser då ITU-rapporten at det har vore ei større auking i den vidaregåande skulen
enn grunnskulen?

- Godt spørsmål. Dette har nok fleire årsaker. Det kan ha noko med alder og mogning å gjere. ITU (2009) konstaterer det økonomiske aspektet:

"Noen av forskjellene i tidsbruk som vi finner på de ulike trinnene
kan forklares med at kommunene er skoleeier i grunnopplæringen,
og at fylkeskommunene eier videregående skoler."
(ITU, 2009)

Eg vil konkludere med at det er eit felles ansvar for utdanninga i Noreg, lokalt og sentralt, å gi elevane i skulen best moglege føresetnadar for å tileigne seg digital kompetanse. Og om læraren er den utløysande faktoren, er sentrale styresmakter og utdanningsinstitusjonen den grunnleggjande faktoren. Og om landet som eining er med på å løfte skjelet til skilpadda (læraren), slepp den å kome i mål sist, slik at det ser så dumt ut i sosial samanlikning til den spreke haren.







Kjelder

ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og
kompetansenettverk for IT i utdanning, [Internett] Tilgjengelig frå: <>
www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf > [Lasta ned: 28.09.10].

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse
i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:
Utdanningsdirektoratet: <> [Lasta ned: 28.09.10].

Andre kjelder

Høyer, K. og M. Hasselgård (2009) Læreren er flaskehalsen. NRK, siste nytt [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536 > [Lasta ned: 28.09.10].


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)