mandag 11. oktober 2010

Digital kompetanse: Ei definisjonssak.

Mange teoretikarar prøver å definere digital kompetanse, for å hjelpe oss lærarar i skulen å forstå kva dette omgrepet inneberer. I dette blogginnlegget vil eg syne nokre definisjonar og sjå på kva som er likt og ulikt. Eg vil også kome med forslag til kva dette omgrepet bør romme.

Erstad (2005) definerer det
som "...ferdigheter, kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier for mestring i
det lærende samfunnet" (Erstad, 2005:12). Dette er ein kort og grei definisjon, der dugleikar, kunnskapar, haldingar og meistring er det viktigaste.

Karlsen og Wølner (2006): "Digital kompetanse er ferdigheter,
kunnskaper og holdninger ved bruk av digitale medier som verktøy i læreprosessen, for
mestring og for å lære å lære" (Karlsen og Wølner, 2006:20). Karlsen og Wølner (2006) er einige med Erstad (2005), men legg også vekt på eit anna viktig aspekt, metalæring.

Morten Søby gir i "Digital skole hver dag - om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen" (2005), ein definisjon av omgrepet digital kompetanse: "Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet." (Søby, 2005). Søby (2005) nemner her nøkkelordet: "kreativitet". I ein tidlegare leksjon var vi inne på skilnadane mellom den amerikanske og den britiske definisjonen av digital kompetanse. Vi ser her at Søby er inspirert av den britiske (som også har influert den norske på 2000talet).

Krumsvik (2007) nemner at det er særskild fire komponentar som er viktige i omgrepet digital kompetanse: "Basal IKT-ferdighet, pedagogisk-didaktisk IKT-skjønn, læringsstrategier/metakognisjon og digital danning" (s.71). Krumsvik nemner her dugleikar, det pedagogiske og didaktiske medvitet, metakognisjon, som også Karlsen og Wølner (2006) var innepå. Men Krumsvik (2007) kjem innepå eit nytt nivå i sin definisjon, digital danning. Dette innberer at han ikkje opplever IKT og digital kompetanse som adskilt frå kultur og samfunn, men som ein aktiv del av det. Digital danning er eit bevisstheitsnivå det må gjerast mersemd på. Elevane i skulen må forstå at allmenndanninga også er digital.

Eg opplever at vi kan hente mykje klokt utav dei ulike definisjonane. Eg favoriserer difor ikkje ein, men meiner ein kan hente ut ein felles definisjon. Vi har sett at metalæring, kreativitet og digital danning også er viktig i definisjonen av digital kompetanse. Difor ville eg ha stemt på ein definisjon som i tillegg til "dugleikar, kunnskap og haldingar", rommar desse aspekta.





Kjelder:

Erstad, O. (2005) Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo: Universitetsforlaget.

Karlsen, A.V. & Wølner, T.A. (2007) Den femte grunnleggende ferdighet. Oslo: Gyldendal
Akademisk.

Krumsvik, R. (2007) Digital kompetanse i kunnskapsløftet. Krumsvik, R. (red) Skulen og
den digitale læringsrevolusjonen. Oslo: Universitetsforlaget.

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetansei grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:
Utdanningsdirektoratet: [Lasta ned: 13.10.10].

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)