onsdag 13. oktober 2010

Digital kompetanse - Ei røynd i skulen?

I rapporten "Digital kompetanse hver dag - en helhetlig utvikling" skriv Søby (2005) at digital kompetanse i skulen krev ein heilhetleg innsats med prioriterte ressursar og evne til å tenke framtid (s. 10). Han seier sjølv at: "det er ingen vei tilbake!" (s.9). Det digitale har komt for å bli.

I ITU (2008) sin rapport: Program for digital kompetanse (2004-2008), kan ein lese om fire satsingsområder innan digital kompetanse:
  • Infrastruktur og tjenester av høy kvalitet

  • Kompetanseutvikling

  • Digitale læringsressurser, læreplaner og arbeidsformer

  • Forskning- og utvikling
(s.234).

Vi ser her fokuset på infrastruktur og tenester. Datautstyret og internettkoplinga må vere på plass m.m. Dette er også Søby (2005) inne på i sin epilog. Kvaliteten på dette blir framheva, så ei oppdatering må finne stad. Det neste er kompetanseutvikling. Lærarar som har vore i skulen i mange år treng oppdatert kompetanse. Dette kan skje i form av kurs eller vidareutdanning. Digitale læringsressursar og arbeidsformer må også bli gitt. Dette kan skje ved hjelp av lærebokrettleiingar og/eller kanskje som ei forlenging i kompetanseutviklinga. Når det gjeld forsking og utvikling, så kan ein nytte tidsskrifter og anna til å finne ut kva som går an å nytte i skulen. Til dømes Google Earth har i dei siste åra utvikla seg til å bli eit utmerka godt verkty i geografitimane i det norske klasserom. Skular med smart/cleverboard samlar seg rundt den "handroterande" verda.

Men er dette ei røynd i skulen?

ITU-rapporten (2009) om "Skolens digitale tilstand" var ei undersøking og kartlegging om kor vidt teori var blitt røynd etter Kunnskapsløftets innføring. I denne rapporten finn vi at nær 9 av 10 elevar opplever at dei har tilgang på datamaskin i skulen når dei har behov for det. Dette tyder på at infrastrukturen er god og at elevane har tilgong på digitale tenester.

Når det gjeld kompetanseutvikling fann TALIS-undersøkinga blant anna ut dette:

"I TALIS kommer Norge dårlig ut når det handler om lærernes
forhold til skoleledere, særlig vedrørende tilbakemeldinger på
undervisningspraksis og ønsker om kompetanseheving og faglig
utvikling." (Søby, 2005: 16).

Vi ser her korleis forholdet mellom skuleleiar og lærarar kan ha direkte konsekvens for kompetansehevinga i IKT. Dette er urovekkjande å høyre om.

Eit av hovudfunna i ITU-undersøkinga (2009) var at lærarane rapporterte om forholdsvis begrensa bruk av digitale læringssressursar. Her ser vi at også dette satsingsområdet som ITU (2008) markerte så tydleg, har blitt røynd og "mission accomplished" i skulen i dag.

Vi ser slik at det er ting som er på plass i skulen i dag, som til dømes infrastruktur, men handtering og kompetanse, treng fortsatt eit "løft". For kva skal vi med masse utstyr når det ikkje er kompetanse eller læringssressursar til å bruke det på ein pedagogisk og didaktisk måte som stimulerer elevane si læring? Piaget og konstruktivismen ville her sagt at elevane "finn best ut sjølve", men utan klare grenser og reglar i det store mediahavet vert det vanskeleg å gi rammer for læringa elevane lærer, utanom at dei blir kyndige i å nytte digitale verkty. Men som vi har vore inne på er det å kunne beherske digitale verkty berre ein del av digital kompetanse. Ein treng også kunnskapar, haldingar, kreativitet, meistring og digital danning. Derfor har vi eit godt "bel" igjen før vi kan seie at det heilheitlege begrepet av "digital kompetanse" er fullstendig i den norske skulen.







Kjelder:

ITU (2008) Program for Digital kompetanse (2004-2008) Nr 4. Oslo: Universitetsforlaget [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.idunn.no/ts/dk/2008/04/program_for_digital_kompetanse_24-28_-_posthumt > [Lasta ned: 13.10.2010].

ITU Monitor 2009. Skolens digitale tilstand. [Internett]. Tilgjengelig frå:
http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf [Lasta ned
13.10.2010]

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i
grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengelig
frå: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf [Lasta ned 13.10.2010]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)