lørdag 23. oktober 2010

DK i lokalt planarbeid: Er det læraren som er problemet?

"Til tross for omfattende satsing slår ikke bruk av IKT igjennom i skolen i så stor grad som forventet. Mye digitalt utstyr står innelåst eller ubrukt. Er det noe galt med strategien og holdningene i skolen?" (n/a, 2000).

Eg har ved fleire blogginnlegg vore innepå læraren si rolle når det gjeld digital kompetanse. Men er det ved læraren at digital kompetanse kjem til kort, og kvifor? Som lærar har ein stor fridom til korleis ein vil leggje opp undervisinga. Elevane er på så måte prisgitt at læraren vidareformidlar dei kompetansemåla og overordna måla som er juridisk ankra i Kunnskapsløftet (UFD, 2006).

Eg vil no prøve meg på eit samanlikningseksperiment. Digital kompetanse som ein spydkastar og kroppen som delane av det organisatoriske systemet som må til for at digital kompetanse skal nå ut til elevane i skulen, eller for at ein spydkastar skal kaste eit spyd langt. Lengda vil derfor vise grad av digital kompetanse som elevane har erverva.

Om vi skal samanlikne dette med spydkasting og prinsippet om å skape ein sentralbevegelse, kan vi sjå på dei store muskelgruppene som føter og overkropp som dei juridiske føresetnadane og syn på digital kompetanse. Vidare går vi utover i den meir perifere delen av kroppen og finn infrastrukturen, visjonen og handlingsplanen til skulen. Når spydet er på veg til å forlate handa, kan vi sjå på den siste fingerspissen som forlater handa som læraren sitt ansvar. Vi ser at læraren har mykje makt. For handa kan når som helst velje å halde fast på spydet (digitale kompetansen). Vi ser at læraren er ein utslagsgjevande faktor i digital kompetanse, på same måte som at handa er ein utslagsgivande lekam i kroppen ved spydkast.



Fylgte du med på den?

Likevel er det ikkje svart-kvitt. Ein rekke faktorar må vere på plass og skuleleiinga har også ein viss utslagsgivande faktor. Phillipa Lee presenterte ved BETT-konferansen i 2008 ein modell for vellukka IKT-undervising i skulen:

(Berg, 2008).

Denne modellen legg vekt på 5 faktorar som må vere på plass for å skape suksess i IKT-arbeidet i skulen. Modellen er opprinneleg henta frå anna organisatorisk verksemd og er like viktig for andre institusjonar, som skulen. Dei fem faktorane er: Visjon, kunnskap, belønning, ressursar og handlingsplanar (Eng. Vision, Skills, Incentive, Resources and Action plan). Uten at skulen har adekvate strategiar for alle desse faktorane, vert digital kompetanse i skulen mislukka. Og trist er det. Her ser vi at det er to faktorar som rører ved læraren spesifikt: kunnskap og belønning. Læraren må få kompetanse og kunnskap gjennom kompetanseutvikling, etterutdanning og opplæring. Ildsjelene i skulen må også få belønning for alt det strevet dei legg ned for å integrere IKT i læringsarbeidet. Resten av faktorane: visjon, kunnskap, belønning, ressursar og handlingsplanar, er det leiinga i skulen som har eit større ansvar for.
Vi kan difor ikkje anklage eller "stille læraren til veggs" uten at alle faktorane er på plass i ein skule. Når vi ser på rollefordelinga er det ikkje alt læraren kan gjere noko med - dette gjeld også skulen som institusjon. Men læraren har ei viktig rolle i å formidle digital kompetanse med "sine to fiskar og fem brød" for å alludere til den gamle skrift.



*DK er ei forkorting for Digital kompetanse, ikkje Donkey Kong.

Kjelder:

Berg, E. (2008) Et tankevekkende presentasjonsbilde - BETT 2008. Oslo: Utdanningsdirektoratet [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.skolenettet.no/templates/News.aspx?id=46254&epslanguage=NO > [Lasta ned 23.10.10].


n/a (2000) IKT som spydspiss i skoleutvikling? Aftenposten, kronikk [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://tux1.aftenposten.no/meninger/kronikker/d173260.htm > [Lasta ned: 23.10.10].

2 kommentarer:

  1. Veldig bra skrevet, Kim Daniel. Du formulerer deg på en interessant måte og det er spennende å lese innleggene dine. Artig at du drar en sammenligning med spydkasting ;)

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)