torsdag 7. oktober 2010

Kroppsøving - Fokus på kritisk eller kreativ digital kompetanse?

Innan digital kompetanse er det særleg to tradisjonar som har fått påverke innhaldet av kva vi legg i begrepet. Den amerikanske og den britiske tradisjonen. Den amerikanske tradisjonen har blitt fronta av m.a. W. James Potter. Potter (2001) legg særleg vekt på dugleiksaspektet i sin ”media literacy”-definisjon: ”The tools are our skills” (s. 4). Denne tradisjonen står i kontrast til den britiske. D. Buckingham er ein represenentant for denne. I boka si Media Education. Literacy, Learning and Contemporary Culture av 2003 seier han “Media literacy is the ability to access, understand and create communications in a variety of contexts” (s. 5). Vi ser her ulike måtar å tilnærme seg begrepet "digital kompetanse".

Korleis er det i Læreplanen for Kunnskapsløftet (2006) ? Eg skal i dette blogginnlegget ta utgangspunkt i faget eg studerer, Kroppsøving, og sjå korleis læreplanen legg opp til at ein kan leggje til rette for digital kompetanse i dette faget.

Når ein besøkjer Læreplanen i kroppsøving er det freistande å sjå kva som er skrive under Grunnleggjande dugleikar, der vi veit at "å kunne nytte digitale verkty" er eit område. Og når vi høyrer ordlyden: "digitale verkty", kan det poppe nokre tankar opp i hovudet om at: "Hm, det høyres ut som noko Potter kunne formulert." - Det er nemleg slik at digital kompetanse har blitt redusert til å omhandle det at elevane berre kan handtere digitale verkty - i alle fall i formuleringa.

Under Grunnleggjande dugleikar finn vi: "Å kunne bruke digitale verktøy i kroppsøving er viktig når ein skal hente inn informasjon for å planleggje aktivitetar, dokumentere og rapportere." Her kan vi leggje merke til verbet "hente inn". Ein skal ikkje sette spikaren i kassa og seie at ordet "hente inn" indikerar ein bruksorientert handlemåte, men det er lett. Så klart kan elevane bruke digitale verkty på ein kreativ måte, men dette må i større grad initierast av læraren sjølv (eller elevane på eige ansvar). Ein kan til dømes tenke ein elev som nyttar paint-illustrasjonar i øktplanane sine for å konkretisere og spesifisere innhaldet i økta.

Når vi leitar etter stikkordet "digital" i kompetansemåla, finn vi diverre berre 2 kompetansemål som har noko digitalt med seg. Det eine er under hovudområdet "Aktivitet og livsstil", der elevane skal kunne "planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening over ein periode, og nytte digitale reiskapar i arbeidet." Dette er eit kritisk, verktyfokus, men likevel er det rom for kreativitet. Denne kreativiteten er ikkje krav, og kan difor falle bort. Men her er det rom for at elevane kan vere kreative. Det avhengar likevel ein god del på lærar som tilretteleggjar og kor kompetent vedkomande er.

Det andre og siste kompetansemålet som har noko med "digital" å gjere er skrøpeleg, om eg kan få vere ekspressiv:

planleggje og gjennomføre overnattingsturar, eventuelt ved hjelp av digitale verktøy
(under hovudområde: friluftsliv)

Her er det store rom for at resultatet vert at ein samlar nokre stikkord på eit word-dokument, og at lærar deler ut ei liste med ting som elevane skal ha pakka i sekkane sine.

Vi ser i konklusjonen at det digital kompetanse-synet som rådar i Læreplanen for Kroppsøving (2006) er i hovudsak eit dugleikssyn. Vi ser også at det digitale er lite rom for i kompetansemåla (med berre 2 kompetansemål). Dette kan ha seg at kroppsøving er eit praktisk fag, der ein nyttar kroppen. Likevel er det rom for å nytte fleire digitale kontekstar også i kroppsøvingsundervisinga, der elevane planlegg via digitale verkty i fleire kontekstar og på ulike abstraksjonsplan.

Men som Syd Barrett (1979) syng: "Hey you! Don't tell me there's no hope at all!" (The Wall).

På veg til toppen av Himalaya med digital kompetanse i kroppsøving?



Kjelder:

Buckingham, David (2003): Media Education. Literacy, Learning and Contemporary Culture. Cambridge, Polity Press.

Waters, R. (1979) The Wall. Pink Floyd. London, Harvest Records.

Moltubakk, M. (2008) Laberatorium for bevegelsesanalyse. Norges idrettshøgskole. Oslo [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.nih.no/templates/Page____4151.aspx > [Lasta ned: 07.10.10]

Potter, W. James (2001) Media literacy. Second edition. London, Sage Publications.


UFD (2006) Læreplan i Kroppsøving. Kunnskapsløftet. Oslo, Utdannings- og forskingsdirektoratet [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=998762 > [Lasta ned: 07.10.10].

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)