mandag 18. oktober 2010

M1 - Digital kompetanse

Mappeoppgåve1_DKL103_h10

Av Kim-Daniel Vattøy – Ein artikkel for gruppe 2, Mappeoppgåve 1, DKL103.

Kompetanseutvikling – Utvikling av digital kompetanse

Av Kim-Daniel Vattøy

1 Innleiing

Kompetanseutvikling hjå skuleleiarar, lærarar og elevar er nødvendig etter innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 med nye føringar for digital kompetanse i skulen. Ved auka fokus på digital kompetanse, vert det stilt større krav til læraren som digital tilretteleggjar. Og i artikkelen Læreren er flaskehalsen vert læraren sett på som den utslagsgjevande faktoren for at elevane ikkje får adekvat digital kompetanse gjennom grunnskulen. I artikkelen framgår det også at den digitale infrastrukturen er meir enn tilfredstillande (Høyer og Hasselgård, 2009). Er det læraren som sviktar, og i så tilfelle: Er det læraren som har blitt svikta?

I denne artikkelen vil eg drøfte kompetanseutvikling sett i forhold til definisjonen av digital kompetanse, den kompetansemessige stoda hjå mange lærarar, læringsressursar som lærarane har tilgong til, dei økonomiske midlane og kommunikasjonen innad skulesystemet.

2 Hovuddel

Digital kompetanse vert av Søby (2005) definert som ” Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” (s. 8). Her ser vi at mange aspekt er med på å danne ein heilskapleg kompetanse. Utfordringa med denne heilskaplege definisjonen er at den er blitt redusert i Kunnskapsløftet. Erstad (2005) påpeikar at det skapar forvirring rundt begrepa digital kompetanse og grunnleggjande dugleikar i møte med Kunnskapsløftet på grunn av dei uklåre formuleringane (s. 24). Difor kan kjelda til problem på eit vis vere styringsdokumenta, som vert tolka rett, og verkar mot sitt føremål. I forhold til definisjonen av digital kompetanse, vert ei tolking av ”grunnleggjande dugleikar” som digital kompetanse ei reduksjonistisk tolking, der ein fokuserer nærast isolert på dugleiksaspektet. Dette synet minner om den amerikanske tradisjonen for digital kompetanse. W. James Potter (2001) legg særleg vekt på dugleiksaspektet i sin ”media literacy”-definisjon: ”The tools are our skills” (s. 4). Denne tradisjonen står i kontrast til den britiske som seier: “Media literacy is the ability to access, understand and create communications in a variety of contexts” (Buckingham 2003:5). Her kan vi sjå fleire av dei dimensjonane Søby (2005) nyttar, ved vektlegging på kunnskap, forståing og kommunikasjonsformar i eit mangfald av kontekstar.

Morten Søby (2005) byrjar sin artikkel Digital skole hver dag å skildre den digitale tidsalderen vi er i dag, og at dette får konsekvensar for skulen som institusjon. Han trekk fram Internett som stadig gir meirverdi i forhold til papir og fleire kommunikasjonsformer (s.14). Når vi no, 10 år seinare, finn oss stadig meir digitaliserte, ser vi at det er ingen veg tilbake, og at skulen ikkje kan stå i kontrast til det samfunnet den er ein del av. Likevel, er ikkje den digitale kvardagen ei kvardag for alle. Marc Prensky (2001) viser at det er digitale skiljer mellom ”digitale innføydde” og ”digitale immigrantar”, der dei innføydde er den nye generasjonen som har vakse opp med digitale medier og internett, medan dei eldre i samfunnet har vore nøydde for å ”immigrere” inn. Hjå lærarar er dette noko av det som er situasjonen i dag. Når fleire lærarar er ”digitale immigrantar” kan det vere vanskeleg å formidle digital kompetanse, når eins eigen kompetanse er på vaklande grunn. Det er difor kompetanseutvikling i skulen er så viktig.

Eit av funna i ITU (2007) var at lærarane rapporterte begrensa bruk av digitale læringsressursar (s. 5). Når Høyer og Hasselgård (2009) understrekar at IKT-parken i norske klasserom er i verdsklasse, vil læringsressursar og hjelpemiddel vere ein nøkkel for å kunne få tatt dette i bruk. Digital kompetanse er difor ein føresetnad for at læraren skal kunne leggje til rette for føremålstenelege aktivitetar med bruk av digitale medier. ITU (2007) seier difor:

”Vi vet at lærernes kompetansenivå knyttet til IKT påvirker motivasjonen og hvor mye de bruker IKT. Det er først og fremst arbeidsgivers ansvar å gi eget personale etter- og videreutdanning, slik at de har den kompetansen som er nødvendig for å utdanne dagens barn og unge” (s. 120).

Alternativet til dette er at lærarane prøvar så godt dei kan på eige initiativ, med eigen innsats og interesse. Problemet med denne tendensen, som har regjert for mange skular er at denne kompetansen vert for sterkt prega av reine dugleikar, som til dømes å lese, skrive og kunne nytte rekneark (jf. Grunnleggjande dugleikar). ITU (2007) peikar også på at dette er uheldig for at flest mogleg elevar skal erverve digital kompetanse. Ved kompetanseutvikling i form av kurs, vidare- og etterutdanning vert læarane oppdaterte og får innblikk i korleis å nytte heile omgrepet av digital kompetanse, som kunnskap, kreativitet og haldingar til det digitale.

Rugtveit (2006) sa i sin tale, 04.12.2006, at: ”I forbindelse med Kunnskapsløftet har staten bevilget mer til kompetanseutvikling enn til noen tidligere reformer”. Dette utsegnet står i sterk kontrast til den sviktande IKT-læraren som Høyer og Hasselgård (2009) viste oss, og viser at ikkje alle midlane har blitt øyremerka med: ”kompetanseutvikling”. Søby (2005) peikar på at arbeidet med Kunnskapsløftet har vore lite koordinert med Program for digital kompetanse, når det til dømes gjeld kompetanseutvikling og etterutdanning av skuleleiarar og lærarar (s. 17). Koordinering av midlar og økonomiske tiltak må på denne måten følgjast betre opp.

Søby (2005) seier også at dialog mellom skulane, skuleleiarane og lærarane er essensielt for at ein kan lære av kvarandre (s. 20). Å utveksle erfaringar, moglegheiter og vise til ressursar som kan fremje digital kompetanse kan vere ein faktor som kan heve kompetanseutviklinga. ITU (2007) viser likevel at ein framleis har problem med å arbeide systematisk og føremålsretta med digital kompetanse, og at den utviklinga som skjer er prega av den einskilde lærar si utprøving og feiling (s. 164). Vi ser difor at det er fleire utfordringar som står på dør før ein kan sjå adekvat kompetanseutvikling på eit høgare nivå, enn i dag.

3 Konklusjon

Vi har i denne artikkelen sett på kompetanseutvikling med utgangspunkt i lærarrolla, og i forhold til digital kompetanse i skulen. Vi har sett at for å kunne formidle adekvat digital kompetanse i skulen, er det nødvendig med ein heilskapleg definisjon av digital kompetanse som inneberer kunnskap, kreativitet, haldingar og danning.

Kommunikasjon mellom dei ulike institusjonsnivåa er grunnleggjande for at økonomiske midlar skal kome til nytte og strategiar for kompetanseutvikling skal gjennomførast. Dei digitale media har kome for å bli, og vil fortsette å utvikle seg. Difor må lærarane også få moglegheita til å utvikle seg for å kunne formidle digital kompetanse til morgondagens digitale innføydde.

Kjelder

Erstad, O. (2005) Digital kompetanse i skolen - en innføring. (2. utgave) Oslo: Universitetsforlaget.

ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og

kompetansenettverk for IT i utdanning, [Internett] Tilgjengelig frå: <

www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf > [Lasta ned: 28.09.10].

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse

i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå:

Utdanningsdirektoratet: < http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf > [Lasta ned: 28.09.10].

Andre kjelder

Buckingham, David (2003): Media Education. Literacy, Learning and Contemporary Culture. Cambridge, Polity Press.

Høyer, K. og M. Hasselgård (2009) Læreren er flaskehalsen. NRK, siste nytt [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536 > [Lasta ned: 01.10.10].

Potter, W. James (2001) Media literacy. Second edition. London, Sage Publications.

Prensky, M. (2001) Digital Natives, Digital Immigrants. On the Horizon. MCB University Press Vol. 9 (5). New York [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.marcprensky.com/writing/Prensky%20-%20Digital%20Natives,%20Digital%20Immigrants%20-%20Part1.pdf > [Lasta ned: 05.10.10].

Rugtvedt, Lisbeth (2006) Kunnskapsløftet og den digitale kunnskapsallmenning, 04.12.2006. Kunnskapsdepartementet. Lillestrøm [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/taler_artikler/politisk_ledelse/statssekretar-lisbet-rugtvedt/2006/kunnskapsloftet-og-den-digitale-kunnskap.html?id=445063 > [Lasta ned: 05.10.10].

UFD (2006) Grunnleggende ferdigheter. Kunnskapsløftet. Oslo, Utdanningsdirektoratet [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.udir.no/templates/udir/TM_GrunnleggendeFerdigheter.aspx?id=2098 > [Lasta ned: 05.10.10].

3 kommentarer:

  1. Ekje du ferdi me bloggen for strategi og planarbeid endaaa??
    E no som å surfe i sirup å gå gjennom den bloggen din ;)

    SvarSlett
  2. På den annen side er det veldig god sirup :)

    SvarSlett
  3. Hoho! Ej må sei ej e imponert over effektiviteten din, Øyvind:) Keep up the good work.

    "We boil and boil and boil and boil it all day long
    Till ninety sev'n percent of water evaporates
    just like this song
    and when what is left is syrupy don't cook it too long
    Watch out for burning!
    It's maple syrup time."

    (Maple syrup song)

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)