søndag 21. november 2010

LMS vs. PLE


LMS er eit akronym for Learning Management System og er ein underkategori av digitale læringsstøttesystem. I Uninett ABCs temahefte ”LMS – hva og hvordan” vert LMS definert som

”et knippe læringsstøttende og administrative verktøy, teknisk integrert i en felles omgivelse og presentert gjennom et enhetlig webbasert brukergrensesnitt. Det er med andre ord et utvalg av verktøy for å støtte læringsaktiviteter og administrasjonen av dem, hvor verktøyene kan utveksle dokumenter, statusinformasjon og annet innbyrdes via en felles database, og hvor de opptrer visuelt og logisk helhetlig og sammenhengende overfor brukeren.” (Uninett ABC, 2005, mine uthevingar).

Vi ser her at det er snakk om eit system av læringsstøttande og administrative verkty i ein eining, eller på ei plattform. Vi har fleire døme på dette. Går du i skulen på 2000talet har du mest truleg vore borti LMS som PedIT, Fronter, It's Learning eller andre. Desse er kjenneteikna ved at dei er plattformar for digitale læringsaktivitetar der elevane er og publiserar på Internett og at innhaldet og delinga er lukka for den lokale skulen eller klassetrinnet.

Så vi ser at LMS i forhold til publisering, innhald og deling er slik:

1. Publisering på Internett: JA
2. Open eller lukka deling: LUKKA
3. Opent eller lukka innhald: LUKKA


PLE er eit akronym for Personalised Learning Environment. Vi kan omsetje dette med "personleg læremiljø". Utdanningsdirektoratet (2006) påpeikar at PLE fører til ei endring i å tenke digitale læringsplattformar på i underlagsrapporten til "Digitale læringsplattformer – en mulig katalysator for digital kompetanse i grunnopplæringen":

Teknologisk handler det om å satse enda sterkere på interoperabilitet og tjenesteorientert teknologi. Institusjonelt vil innføringen av PLE endre måten institusjonene tilbyr tjenester til studentene. Pedagogisk vil det bli lagt mye større vekt på eierskap og lærere og studenters kreative bruk av tekniske systemer. (s. 25)

Vi ser her at bruk av PLE kan leggje til rette for at elevar og studentar vert meir kreative innanfor plattformane. I motsetnad til LMS er ikkje PLE avgrensa til å omfatte berre eitt læringsområde. Læringsområdet er Internett, og her skjer alt av publisering, innhald og deling hjå elevane/studentane. Om vi skal ta same "sjekklista" på PLE, finn vi dette:

1. Publisering på Internett: JA
2. Open eller lukka deling: OPENT
3. Opent eller lukka innhald: OPENT

Døme på PLE er til dømes denne bloggen her. Dette er ein studieblogg danna på eit pålagt arbeidskrav. Det visste du kanskje ikkje? Og kven er "du"? "Du" er ikkje berre medstudentane på DKL103-studiet. "Du" er faktisk heile Internett, dvs. mesteparten av verda kan lese og sjå leksearbeidet mitt. No tenkjer du sikkert. "Haha, Kim-Daniel. Mesteparten av verda kan ikkje norsk." - "Nei, men mesteparten av verda har Google Translate tilgjengeleg, og eg ser ikkje vekk ifrå at ned i ein jungellandsby i Kongo sit det einkvan og fylg spent med på om den nye og rykandes ferske bloggen til Kim-Daniel kjem snart".

Dette vart ei overdriving, men spissformuleringar tydeleggjer ulikskapar. Og i pedagogisk og høgskulesamanheng er det viktig å ha ei drøftande halding i søk om ny kunnskap.

Vi ser vertfall at LMS og PLE tilbyr moglegheiter og utfordringar. Moglegheitene med PLE er at ein får eit mykje større publikum for publisering og innhald. Ved at ein deler sitt eige leksearbeid med The World Wide Web, kan ein kven som helst kommentere innhaldet. Om eg har mange skrivefeil og er dyslektikar eller noko, kan eg få uheldige opplevingar for sinte nynorsk/bokmålstilhengarar, som kan til dømes såre kjenslene mine, og hemme mi læring på WWW. Vi ser at ein med ein open PLE er mykje meir sårbar frå ulumskheitene på nettet.

Likevel er det mange unge i dag som nyttar PLE, anten det er bloggar, wikiar, netvibes eller picnik. Ei ny tid, opnar for nytenkjande måtar som erstattar dei etablerte og statiske. Og kanskje er det ikkje anten eller når det gjelder denne debatten. Kanskje kan ein som IKT-rettleiar i skulen nytte begge deler?

Eric Cartman: "It's like having a cake, and eating it, too".


Kjelder:

Cartman, E. (Season 07 Episode 04) I'm A Little Bit Country. Colorado, South Park.

UNINETT ABC (2005) Temahefte: LMS - Hva og hvordan [Internett]
http://www.uninettabc.no/content.ap?thisId=675 [Lasta ned: 21.11.2010].

Utdanningsdirektoratet (2006) Digitale læringsplattformer – i går, i dag, i morgen.
Underlagsdokument til Rapporten: Digitale læringsplattformer [Internett]
http://udir.no/upload/Rapporter/Underlagsdokument_LMS.pdf > [Lasta ned: 21.11.2010].

Vattøy (2010) LMS vs. PLE. Bilete.

fredag 19. november 2010

Cloud computing - Entirely suiting?

Den teknologiske infrastrukturen har endra seg mykje på berre tiår. Når eg var yngre, var det mykje større grensesnitt på datamaskinene. I praksis då ved at det var ein mykje meir "omstendeleg" prosess for å få operasjonar gjort på PC-en. Tenk berre på denne bloggen her. På 90-talet ville vi kalla dette her for noko som ei "heimeside". Eg synest å hugse at programmet vi nytta på den tida var laga av Netscape. Eg trur det var Composer, utan at det skal ha noko betyding. Eg hugsa at eg gjerne ville starte ei eiga heimeside. Det var fleire som hadde dette der dei la ut bilete og skreiv om forskjellig. Men det som stoppa meg var dei tungvinte måtane å gjere ting på med "html"-skript og ulike kodar. Dette treng den gjengse databrukar ikkje å vere borti den dag i dag om ein til dømes vil skrive blogg og leggje ut bilete (men det finst funksjonar som gjer at ein kan handtere html-skript, og det er svært nyttig for den som vil sette seg inni det).

Dette vart ei lang innleiing. Likevel, handsaming med datamaskiner har blitt enklare - Det har også Internett.

I dag har vi uttrykket "Cloud computing" som indikerer at datamaskinene og anna teknologiske informasjonseiningar forheld seg alle saman til "skya". Ordet sky må forståast som eit symbol. Det er ikkje ei fysisk sky, men eit ord som skildrar at ALT av informasjon og teknologi no kan eksistere i den skya. Slik som denne bloggen her. Eg kan site på Høgskulen å skrive den, eg kan site heime eller på ei strand på Bahamas. - Kven veit?

Her er ein youtube-video som forklarar omgrepet ytterlegare:



Logic HP (1998) har laga ein modell for korleis ein kan forstå korleis datamaskinene no er kopla saman:

Dette er ein veldig enkel modell. Ein vil i dag kunne putte alt av informasjonsteknologi og komponentar i denne skya. Men det modellen viser så godt er at datamaskinene (brukerane) er kopla til all denne informasjonen med berre ei kopling (internett-tilgong). Maskinene er også kopla til kvarandre ved hjelp av skya også. Motparten til denne løysinga er den gamle infrastrukturen med lokale nettverk og infrastruktur. Dette finst sjølvsagt den dag i dag. Når du manglar internett til dømes, som ein kan sjå ved at den blågrøne bobla forsvinn frå dei to datamaskinene:


Her ser vi at alt er bra Internettkoplinga (ikonet er litt forstørra opp, som medlem av sesamgenerasjonen er eg veldig glad i store og få pikslar).

Men kva skjer med heile datasky-genialiteten om nettopp denne bobla manglar? No Internett , no fun.. På grunn av at dataskykonseptet baserar seg på at ein lagrar bilete (ved Picnik, Microsoft skydrive, Facebook) eller lastar opp dokument (i Fronter, i bloggar, wikiar) på nettet vert det med ein gong problem når Internettsambindinga manglar. Vi kan illustrere dette med å modifisere modellen til Logic HP:

Ikkje ein "happy" modell dette (ikkje i forhold til opphavsrett heller... Men Larry Lessig har sagt at det er slik ungdom frå mi tid: ). "Am I Wry?", spør Jonas Bjerre (Mew-vokalist).

Men det modifiserte biletet illustrerer at ved mangel på Internettsambinding opphører all kommunikasjon, informasjonsprosessering etc. Og heile livet som no er avhengig av dette vert no sett på "vent", til ein har funne fyrste MacDonalds med "Wifi"-skilt. Men dette er vel ikkje ei aktuell løysing i skulen? Her ser vi døme på studentar som har mista Internett og må vente med leksene til neste dag:


Men no skal vi ikkje svartmale situasjonen. Dei fleste skulane i dag er utstyrt med god teknologisk utstyr og har infrastruktur. Ved å nytte dataskya kan ein på ein betre måte få tilgang til læringsressursar, software som er innebygd i nettlesarane ved t.d. java, youtube-klipp som kan illustrere læringsarbeidet på ein visuell måte, musikk og så mykje meir. Økonomisk kan skulane klare seg med mindre utstyr. No er det også kome gratis operativsystem, til dømes Google OS. Denne er gratis og vil i hovudsak knytte seg mot dataskya. Difor kan det også vere gratis. Dette er positivt jamfør "gratisprinsippet" som er i Opplæringslova (1998) § 2-15. Der elevane ikkje skal betale for noko, sånn generelt sett. Det er også positivt for skulane, som då har moglegheit til å vere digitale med mindre midlar og med større moglegheiter for at elevane kan gjere leksearbeid heime også, fordi Internettet er knytepunktet, og det spelar då ikkje noko rolle kor ein arbeider med det.

Yes.. It's legen.... wait for it.....

DARY!


Kjelder:

Logic HP (1998) From Computer Desktop Encyclopede. California USA, The Computer Language CO [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://www.logichp.com/2010/06/11/a-look-at-hps-cloud-management-services-with-mark-shoemaker/ > [Lasta ned: 19.11.2010].

Opplæringslova (2007) Oslo: Cappelen Akademiske forlag [Internett]. Tilgjengeleg frå: <> [Lasta ned: 20.11.2010]

Skriv frå Utdanningsdirektoratet: "Om gratisprinsippet i grunnskolen" [Internett]. Tilgjengeleg frå: < http://209.85.129.132/search?q=cache:sFVvy1YZHsYJ:fylkesmannen.no/udir_gratisprinsippet_zTwtrI68106et.pdf.file+gratisprinsippet+i+skolen&cd=10&hl=nn&ct=clnk&gl=no > [Lasta ned: 20.11.2010].

fredag 5. november 2010

QUAAAAD - Betre vurderingspraksis


Alle skular må leggje til rette for vurdering av elevar. Men korleis dette blir gjort, varierer frå skule til skule. Ofte så nyttar ein formativ og summativ vurdering. Den fyrsnemnde er vurdering for læring (undervegsvurdering), medan den andre er vurdering av læring (sluttvurdering). Det har blitt større rom for vurdering som læring (eigenvurdering) også i dag. Det er stadig viktigare at elevane kan vere med å bestemme i sin eigen læringsprosess. Sidan Kunnskapsløftet har behovet for at vurderinga kan skje digitalt også blitt aukande, ettersom infrastrukturen og rammefaktorane tilsei det.

Vurdering i skulen blir i mange tilfelle påverka, ikkje berre av det juridiske og lovfesta, men av kulturen.

"Med vurderingskultur forstår vi hvordan skolen oppfatter og praktiserer vurdering, hva som vurderes, hvem vurderingen får konsekvenser for og hvordan skolen bruker resultatene…Vurderingskulturen kommer til uttrykk gjennom den vurderingspraksisen som utøves.."
(Utdanningsdirektoratet, 2007, side 7-8)

Vi ser at vurderingskulturen handlar om oppfatting og praktisering. Den kjem til uttrykk gjennom vurderingspraksisen. Vurderingspraksisen er slik eit eksplisitt uttrykk på korleis ein handterar og praktiserar vurdering i den gjengse skule.

I dei skulane eg har vore vikar og lærar i har eg opplevd alle desse formene for vurdering. Eg hadde utplassering i ein ungdomsskule no sist, og der praktiserte ein tydelege læringsmål som elevane skulle oppnå. I kunst og handverk, som er eit avsluttande fag etter 9. årssteg, måtte elevane fylle ut eit skjema som refleksjon til den gjenstanden og handverket dei laga. Dette var for å begrunne vala og reflektere i læringsarbeidet. Lærarane gir elevane konkrete undervegsmeldignar gjennom prosessen. Etter å ha gjennomført produktet, måtte elevane fylle ut eit skjema der dei ulike "kjenneteikna for måloppnåing" var oppramsa i eit skjema. Her skulle elevane krysse ut i ei av rutene "over middels - middels - under middels nivå". Dette fungerer som eigenvurdering. Til slutt fyller lærarane ut same skjemaet med ei tilleggsvurdering av produktet. Dette fungerer som ei sluttvurdering med følgande karakter.

Eg opplever dette dømet som ein veldig god vurderingspraksis. Lærarane deler skjema og refleksjonsdokument med kollegaane sine. Dette fører til ein "del og bruk"-kultur, der ein får igjen mykje ved å medverke litt. Det er også bra at einskilde lærarar kan vere førebilete for andre.

Likevel bør det alltid vere rom for progresjon og utvikling. Ein skule bør ikkje stagnere og seie "vi har god nok vurderingspraksis". Vurderingspraksisen bør vere dynamisk. Det bør vere rom for å tenkje i nye og kreative baner.

Til slutt:
Her er eit elevsvar som eg kom over i rettebunken når eg skulle halde ein kunnskapstest i organisk kjemi i Naturfag - Kva synest DU om måten eg vurderte arbeidet på?




Kjelder:

Utdanningsdirektoratet (2007) Bedre vurderingspraksis. Sluttrapport Oppdragsbrev nr. 6
– 2007 om tiltak knyttet til individvurdering i skole og fag- og
yrkesopplæring. [Internett]. Tilgjengeleg frå:
Bedre_vurderingspraksis_sluttrapport_til_KD.pdf > [Lasta ned 04.11.2011].

torsdag 4. november 2010

Mål din digitale kompetanse!

Eg prøvde ITU (2009) si eiga prøve i måling av digital kompetanse, og her er resultatet på fyrste forsøk:


Ønskjer du å teste din digitale kompetanse? Trykk her:

Ønskjer du å bli digital kompetent? Trykk her:

onsdag 3. november 2010

Assessment in Bloom - Kjenneteikn for måloppnåing

Vurdering er eit tema som har blitt stadig sett på dagsordenen sidan Kunnskapsløftet. Elevar i dag skal vite kjenneteikn for måloppnåiing, og ha ei forståing for kva som vert forventa av dei for å nå over middels, middels eller under middels grad av måloppnåing. I dette arbeidet vert ofte taksonomien til den amerikanske pedagog-psykologen Benjamin Bloom nytta. Den ser slik ut (noko redigert):



Vi ser at modellen er delt inn i seks ulike nivå. Dette er grad av kognitive nivå, dvs. kor avansert det faglige arbeidet er. Vurdering krev til dømes høgre abstraksjonsnivå og kognitive prosessar enn hukommelse. Hukommelse er enklast sett "gjenkalling av informasjon", og ofte høyrer ein fraser som "mekanisk pugging" o.l. Vurdering krever ei høgare metakognitiv forståing, der ein evnar å sjå fleire saker frå ulike synsvinklar (jf. drøfting, som vi ser er eit av kjenneteikna ved vurdering på figuren).

I denne oppgåva skal eg ta føre meg eit kompetansemål i Engelsk etter Vg1 studieførebuande utdanningsprogram og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram, under hovudområdet, "Språklæring", der eleven skal kunne:



På denne måten kan eleven sjå på ein oversikteleg måte kva som vert forventa og kva som er kriteria for å måloppnåing i dei tre kategoriane. Då får også eleven ei forståing kva som trengs å jobbast med vidare i læringsprosessen. Utan forståelege mål og konkretiseringar (oppdelingar) av desse, blir læringa og vurderinga utilsikta i større grad. Ein styrke vil også vere at elevane fårmedbestemmelse i vurderingsarbeidet, dvs. at elevane får vere med på å utforme vurderingskriteria.

Kjelder:
UFD (2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplanar for kunnskapsløftet. Oslo,Undervisnings- og Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: [Lasta ned 29.10.2010].

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)