søndag 21. november 2010

LMS vs. PLE


LMS er eit akronym for Learning Management System og er ein underkategori av digitale læringsstøttesystem. I Uninett ABCs temahefte ”LMS – hva og hvordan” vert LMS definert som

”et knippe læringsstøttende og administrative verktøy, teknisk integrert i en felles omgivelse og presentert gjennom et enhetlig webbasert brukergrensesnitt. Det er med andre ord et utvalg av verktøy for å støtte læringsaktiviteter og administrasjonen av dem, hvor verktøyene kan utveksle dokumenter, statusinformasjon og annet innbyrdes via en felles database, og hvor de opptrer visuelt og logisk helhetlig og sammenhengende overfor brukeren.” (Uninett ABC, 2005, mine uthevingar).

Vi ser her at det er snakk om eit system av læringsstøttande og administrative verkty i ein eining, eller på ei plattform. Vi har fleire døme på dette. Går du i skulen på 2000talet har du mest truleg vore borti LMS som PedIT, Fronter, It's Learning eller andre. Desse er kjenneteikna ved at dei er plattformar for digitale læringsaktivitetar der elevane er og publiserar på Internett og at innhaldet og delinga er lukka for den lokale skulen eller klassetrinnet.

Så vi ser at LMS i forhold til publisering, innhald og deling er slik:

1. Publisering på Internett: JA
2. Open eller lukka deling: LUKKA
3. Opent eller lukka innhald: LUKKA


PLE er eit akronym for Personalised Learning Environment. Vi kan omsetje dette med "personleg læremiljø". Utdanningsdirektoratet (2006) påpeikar at PLE fører til ei endring i å tenke digitale læringsplattformar på i underlagsrapporten til "Digitale læringsplattformer – en mulig katalysator for digital kompetanse i grunnopplæringen":

Teknologisk handler det om å satse enda sterkere på interoperabilitet og tjenesteorientert teknologi. Institusjonelt vil innføringen av PLE endre måten institusjonene tilbyr tjenester til studentene. Pedagogisk vil det bli lagt mye større vekt på eierskap og lærere og studenters kreative bruk av tekniske systemer. (s. 25)

Vi ser her at bruk av PLE kan leggje til rette for at elevar og studentar vert meir kreative innanfor plattformane. I motsetnad til LMS er ikkje PLE avgrensa til å omfatte berre eitt læringsområde. Læringsområdet er Internett, og her skjer alt av publisering, innhald og deling hjå elevane/studentane. Om vi skal ta same "sjekklista" på PLE, finn vi dette:

1. Publisering på Internett: JA
2. Open eller lukka deling: OPENT
3. Opent eller lukka innhald: OPENT

Døme på PLE er til dømes denne bloggen her. Dette er ein studieblogg danna på eit pålagt arbeidskrav. Det visste du kanskje ikkje? Og kven er "du"? "Du" er ikkje berre medstudentane på DKL103-studiet. "Du" er faktisk heile Internett, dvs. mesteparten av verda kan lese og sjå leksearbeidet mitt. No tenkjer du sikkert. "Haha, Kim-Daniel. Mesteparten av verda kan ikkje norsk." - "Nei, men mesteparten av verda har Google Translate tilgjengeleg, og eg ser ikkje vekk ifrå at ned i ein jungellandsby i Kongo sit det einkvan og fylg spent med på om den nye og rykandes ferske bloggen til Kim-Daniel kjem snart".

Dette vart ei overdriving, men spissformuleringar tydeleggjer ulikskapar. Og i pedagogisk og høgskulesamanheng er det viktig å ha ei drøftande halding i søk om ny kunnskap.

Vi ser vertfall at LMS og PLE tilbyr moglegheiter og utfordringar. Moglegheitene med PLE er at ein får eit mykje større publikum for publisering og innhald. Ved at ein deler sitt eige leksearbeid med The World Wide Web, kan ein kven som helst kommentere innhaldet. Om eg har mange skrivefeil og er dyslektikar eller noko, kan eg få uheldige opplevingar for sinte nynorsk/bokmålstilhengarar, som kan til dømes såre kjenslene mine, og hemme mi læring på WWW. Vi ser at ein med ein open PLE er mykje meir sårbar frå ulumskheitene på nettet.

Likevel er det mange unge i dag som nyttar PLE, anten det er bloggar, wikiar, netvibes eller picnik. Ei ny tid, opnar for nytenkjande måtar som erstattar dei etablerte og statiske. Og kanskje er det ikkje anten eller når det gjelder denne debatten. Kanskje kan ein som IKT-rettleiar i skulen nytte begge deler?

Eric Cartman: "It's like having a cake, and eating it, too".


Kjelder:

Cartman, E. (Season 07 Episode 04) I'm A Little Bit Country. Colorado, South Park.

UNINETT ABC (2005) Temahefte: LMS - Hva og hvordan [Internett]
http://www.uninettabc.no/content.ap?thisId=675 [Lasta ned: 21.11.2010].

Utdanningsdirektoratet (2006) Digitale læringsplattformer – i går, i dag, i morgen.
Underlagsdokument til Rapporten: Digitale læringsplattformer [Internett]
http://udir.no/upload/Rapporter/Underlagsdokument_LMS.pdf > [Lasta ned: 21.11.2010].

Vattøy (2010) LMS vs. PLE. Bilete.

1 kommentar:

  1. Og prisen for årets mest originale oppføring i en litteraturliste går til Kim-Daniel Vattøy med bidraget:

    Cartman, E. (Season 07 Episode 04) I'm A Little Bit Country. Colorado, South Park.

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)