fredag 5. november 2010

QUAAAAD - Betre vurderingspraksis


Alle skular må leggje til rette for vurdering av elevar. Men korleis dette blir gjort, varierer frå skule til skule. Ofte så nyttar ein formativ og summativ vurdering. Den fyrsnemnde er vurdering for læring (undervegsvurdering), medan den andre er vurdering av læring (sluttvurdering). Det har blitt større rom for vurdering som læring (eigenvurdering) også i dag. Det er stadig viktigare at elevane kan vere med å bestemme i sin eigen læringsprosess. Sidan Kunnskapsløftet har behovet for at vurderinga kan skje digitalt også blitt aukande, ettersom infrastrukturen og rammefaktorane tilsei det.

Vurdering i skulen blir i mange tilfelle påverka, ikkje berre av det juridiske og lovfesta, men av kulturen.

"Med vurderingskultur forstår vi hvordan skolen oppfatter og praktiserer vurdering, hva som vurderes, hvem vurderingen får konsekvenser for og hvordan skolen bruker resultatene…Vurderingskulturen kommer til uttrykk gjennom den vurderingspraksisen som utøves.."
(Utdanningsdirektoratet, 2007, side 7-8)

Vi ser at vurderingskulturen handlar om oppfatting og praktisering. Den kjem til uttrykk gjennom vurderingspraksisen. Vurderingspraksisen er slik eit eksplisitt uttrykk på korleis ein handterar og praktiserar vurdering i den gjengse skule.

I dei skulane eg har vore vikar og lærar i har eg opplevd alle desse formene for vurdering. Eg hadde utplassering i ein ungdomsskule no sist, og der praktiserte ein tydelege læringsmål som elevane skulle oppnå. I kunst og handverk, som er eit avsluttande fag etter 9. årssteg, måtte elevane fylle ut eit skjema som refleksjon til den gjenstanden og handverket dei laga. Dette var for å begrunne vala og reflektere i læringsarbeidet. Lærarane gir elevane konkrete undervegsmeldignar gjennom prosessen. Etter å ha gjennomført produktet, måtte elevane fylle ut eit skjema der dei ulike "kjenneteikna for måloppnåing" var oppramsa i eit skjema. Her skulle elevane krysse ut i ei av rutene "over middels - middels - under middels nivå". Dette fungerer som eigenvurdering. Til slutt fyller lærarane ut same skjemaet med ei tilleggsvurdering av produktet. Dette fungerer som ei sluttvurdering med følgande karakter.

Eg opplever dette dømet som ein veldig god vurderingspraksis. Lærarane deler skjema og refleksjonsdokument med kollegaane sine. Dette fører til ein "del og bruk"-kultur, der ein får igjen mykje ved å medverke litt. Det er også bra at einskilde lærarar kan vere førebilete for andre.

Likevel bør det alltid vere rom for progresjon og utvikling. Ein skule bør ikkje stagnere og seie "vi har god nok vurderingspraksis". Vurderingspraksisen bør vere dynamisk. Det bør vere rom for å tenkje i nye og kreative baner.

Til slutt:
Her er eit elevsvar som eg kom over i rettebunken når eg skulle halde ein kunnskapstest i organisk kjemi i Naturfag - Kva synest DU om måten eg vurderte arbeidet på?




Kjelder:

Utdanningsdirektoratet (2007) Bedre vurderingspraksis. Sluttrapport Oppdragsbrev nr. 6
– 2007 om tiltak knyttet til individvurdering i skole og fag- og
yrkesopplæring. [Internett]. Tilgjengeleg frå:
Bedre_vurderingspraksis_sluttrapport_til_KD.pdf > [Lasta ned 04.11.2011].

1 kommentar:

  1. Har fått fleire tilbakemeldingar om det siste biletet er autentisk, og eg må avkrefte og seie eg fann det på google-biletesøk.

    SvarSlett

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)