fredag 18. mars 2011

Videoproduksjon 2: Meisterverket vel i hamn

I denne bloggen har eg og min gode kollega, Henning, laga ein kortfilm over manuset eg presenterte i forrige blogg. Scena er innspelt i hagen ved Kårstadbygget, og omgivnadane er vakre. Sola skin over eit trufast lærarbygg. Vi har nytta både totalbilete og nærbilete i denne prosessen. Programmet vi har nytta til redigering er VideoPad. Dette er eit gratis redigeringsprogram, som er lett å bruke. Eg har også laga nokre effekter for å "sprite opp" det auditive.

Enjoy!

video



Musikk-kjelder:

unreal_dm (2011) Stay (for this moment) [Internett]: http://ccmixter.org/files/unreal_dm/30909 [18.03.2011].

søndag 13. mars 2011

Videoproduksjon: Frå ein idé til eit meisterverk

Å lage ein film er ikkje gjort på 1-2-3. Det er ein prosess som krever nøysemd og flid.

Idéfasen

I idéfasen kan ein nytte ulike metodar for å kome fram til noko å jobbe vidare med. Ein kan nytte slumpordteknikken, som går ut på å setje to eller fleire tilfeldige ord saman. Her nyttar ein kreativitet og assosiasjon for kome seg vidare. Eg har valt å byggje vidare på eit bilete av Manet (1832-1883), som er kalla: ”In the conservatory”.

Kva er det mannen med sjegg seier til jenta på benken? Kvifor ser ho så ”borte i blikket” ut? Kva er reaksjonen henner på det han seier? Er det noko dramatisk bodskap han har med seg, eller er det ”Middagen er klar. Gjestane ventar.” Ringane på hendene deira, som er i fokus: Symboliserer dei noko? Er dei gifte?

Idé:

Jenta vil ha spise middag på restaurant, og vil ikkje lenger ha brennsnut til middag

Manus

Her er utkastet til manuset til den dramatiske brennsnutscena, som tek føre seg i den herskapeleg hagen utanfor huset til Herr og fru Albertin. Eg har nytta eit gratis manusprogram: Celtx.

BRENNSNUT

1. EXT - HAGEN - ETTERMIDDAG

HERBERT, ein middeladrande mannemann, har nettopp laga brennsnut, og er i ferd med å gi den verdsomveltande beskjeden til si kjære i hagen.

HERBERT

Kamomille? No er middagen klar, og står på bordet.

KAMOMILLE

Er det brennsnut no igjen??

HERBERT

Same prosedyre som alle tysdagar, kjære.

KAMOMILLE

Eg har høyrt at Kalle's kjøkken serverer ferske oksesteiktallerknar på tysdagar . . .

HERBERT

Uhøyrt! Oksesteik? Det er ein søndagsrett. Og kven er denne Kalle?

KAMOMILLE

Ektemannen min. Eg trudde han døydde i verdskrigen, men han har arbeida under eit alias i frykt for å misse ansikt. Vi er praktisk talt gift enno.

HERBERT

Er dette slutten?

KAMOMILLE

Brent snute, inga sovepute.

STORYBOARD

OPPTAKSPLAN

Kjelder:

Manet, E. (1832–1883) In the conservatory. Wikimedia Commons [Internett]. [Lasta ned: 13.03.2011].

tirsdag 22. februar 2011

Nettavis vs. papiravis

Ei nettavis skil seg frå ei papiravis på fleire måtar. Ei papiravis er eit statisk produkt som ikkje let seg endre når produktet fyrst går på trykk. Som brukar må ein ofte oppsøkje ein butikk eller abonnere gjennom post for å få tilgang til ei papiravis. Den kostar også pengar, og ein får mange ulike tekstsjangrar med utdjupande og utgreiande informasjon. Ein kan ta med seg papiravisa dit ein skulle trenge det, og slik som det var tidlegare (90-talet), hadde ein ikkje noko alternativ. Avis var papiravis.

Nettavis er eit nyare fenomen der nyhendene er i dynamisk utvikling. Ein har ofte mykje meir korte artiklar. Nettavisene er gratis (om ein ikkje kjøper "papirutgåva i pdf-format"). Dette gjer at avisene ikkje vil publisere absolutt alt. Det vert ofte då også enklare journalistikk. Omfattande reportasjer og artiklar som krev omfattande journalistikkarbeid vert prioritert for dei betalande lesarane. Likevel har nettavisene det potensialet at dei alltid kan vere ferske og bli oppdatert. Dette gjer at dei vert særleg attraktive. Avisene som står i stativet utanfor Narvesen kan liksågodt vere ufullstendige og uoppdaterte i forhold til nettavisa på ei stor hending.

Når nokon seier ordet "nettavis" tenker ein gjerne med ein gong: Dagbladet, VG, Aftenposten etc. Dette er i 2011 ei snever tolking av ordet nettavis. På same måte som Wikipedia, Facebook, Youtube og likande, kan alle vere avisprodusentar, redaktørar og forleggjarar. Ved til dømes tenester som Wordpress.com kan ein opprette ein konto, og lage ei avis der ein samarbeider med andre, og publiserer artiklar. Dette ber med seg ein stor pedagogisk verdi, og er eit stort potensiale for skulen. I skulen skal ein til dømes i norskfaget, under hovudområdet Samansette tekstar arbeide m.a. med avis:
  • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilder.
Sjølv om dette kompetansemålet er til den vidaregåande skulen, vert det også jobba med aviser i grunnskulen, sjølv om det kanskje ikkje eksplisitt kjem til uttrykk. Elevane skal arbeide med ulike tekstsjangrar, og her er avis sjølvsagt. Viktigare enn at det vert arbeida med papiraviser i skulen, er det at lærarar oppdagar potensialet til å la elevgrupper få lage eigne nettaviser. Dette er viktig steg for å halde følge med den digitale kvardagen vi finn oss i.

mandag 14. februar 2011

Journalistiske sjangrar: Døme og kjenneteikn

Nyheitsartikkel: Kjenneteikn og døme.


Nyheitsartikkelen er oppbygd som ei omvendt pyramide. Den startar med det viktigaste fyrst. I denne saka ser vi at overskrifta gir oss den viktigaste informasjonen på ein kortfatta og konsis måte. Deretter fylgjer ein ingress på ei linje. Denne ingressen spesifiserer staden på hendinga. Vidare i teksten finn vi ut at Dagbladet ikkje veit så mykje, og at saka er så fersk at det mest truleg vil kome oppfølgjing. Nyheitsartikkelen framstiller saka på ein sakleg og objektiv måte. Det vert kun referert til kva som har hendt i denne saka.

Feature: kjenneteikn og døme.

Feature tyder "preg" eller "særpreg". Denne sjangeren er mykje meir fri enn nyheitsartikkelen. Den kan vere både sakleg og/eller personleg. Den kan vere oppbygd etter omvendt-pyramidemodellen. Men også fiskemodellen, som mange bøker og filmar. Her kjem ikkje det viktigaste fyrst, men ofte til slutt, etter stigande kurve.

I denne feature-artikkelen får ein som lesar vekka interesse for valentinesdagen:

Viss ein ser vekk frå "Aftenposten: Din mat" heilt i toppen av sida, kan det verke som om artikkelen skal handle om valentinesdagen generelt. Så får vi når vi les og ser bilete sjå og forstå at det faktisk handlar om mat. Vi ser på denne måten at denne featureartikkelen er bygd opp etter fiskemodellen. Dette passar jo bra sidan fisk er ein matrett. I artikkelen vert det nytta appelative ord, som bryt med krav om objektivitet. Dette kan passe for ein featureartikkel.

Til dømes: "Marinerte spyd er en smakfull start på et godt måltid." (Foto: Jan Soppeland).


Her ser vi at orda "smakfull" og "godt" er med på å bringe subjektivitet inn i artikkelen. Medan Jan bringer sopp.



Kjelder:

Barstein, G. (2011) Person knivstukket på Jar. Dagbladet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.dagbladet.no/2011/02/14/nyheter/knivstikking/innenriks/15435477/ [Lasta ned: 14.02.2011].

Lendengen, E.C. (2010) En smakfull flørt. Aftenposten [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://dinmat.aftenposten.no/content/view/full/35910 [Lasta ned: 14.02.2011].


Radio Digital - "Ungdom og media"

Ein podcast om digital mobbing av Henning Dyb, Ove Husøy, Tore Klokk, Øyvind Midtun og Kim-Daniel Vattøy. Ei arbeidskravsoppgåve i studiet: Digital kompetanse for læring ved Høgskulen i Volda.

onsdag 9. februar 2011

"Design er et internasjonalt begrep som både betegner skaperprosessen av en gjenstand eller et produkt med tanke på formgiving og funksjon."











... vart du fanga?












Det visuelle har enormt mykje å seie på nettet. Ein canadisk studie, leia av forskar Gitte Lindegaard, viser at det tek 50 millisekund for å avgjere om ein likar ei nettside o_O

Dette gjeld ikkje berre fargar og utforming, men også med val av hypertekst. Om du klikka deg inn på "canadisk studie", vart du faktisk leia vekk frå mi nettside. Dette er ikkje alltid like klokt når ein skal tenke design. Ein vil at brukaren skal halde seg på sida, og då kan avleiings-hypetekst forstyrre lesinga m.a. (som står i fokus i blogging).

Døme på design av nettsider
Det er mange måtar å komponere nettsider på. Horvei Elektro A/S si side er berre ei side. Denne sida er full av telefonnummer, adresser og mailadresser. Her kunne ein hatt fleire tenester, slik det var lettare for den besøkjande å sjå kva Horvei faktisk tibyr. Er det elektriske vindauge dei sel? Banalt spørsmål, kanskje, men om ein skal tenke målgruppe, er ikkje det alle som veit kva "elektro" inneberer. Men for den mobilglade oppsøkjar, kan denne sida vere det ein leitar etter.

CirkA Kortfilmfestival si heimeside er interaktiv. Skrifta er i rørsle i fleire retningar. Dette skal fange merksemd, men verkar distraherande. For dei som les sakte, vert tempoet for raskt i artikkelen som rullar nedover hovudsida. Det heldige er at om ein klikkar på pilene, så stoppar rullinga, og ein kan sjølv velje når sida skal gå nedover.

Målgruppe og føremål for blogg og Youtube
Om eg skal anta målgruppa for bloggen min, må dette verte lærarar som arbeider i skulen, og ønskjer å integrere IKT i læringsarbeidet. Dette er likevel den intensjonelle målgruppa. Og eg trur ikkje det er slik i praksis. Men når ein ser på utforminga er den klassisk "blogg". Fargebruken er litt brun og heimekosleg. Bakgrunnsmønsteret er som ein divan på 70-talet, og fonten på skrifta er tradisjonell. Eg nyttar ein god del bilete, så kanskje dette kan fange yngre menneske, eller finne bileta på Google-biletesøk, og nøye seg med det. Kven veit. Føremålet er iallefall det fyrstnemnde.

Når det gjeld YouTube, er målgruppa alle. Dette er utfordrande, fordi det som ligg på hovudsida, vil vere avgrensande i forhold til målgruppe. Likevel er det slik at når ein har klikka seg gjennom eindel filmar og gjort fleire søk, vil det kome opp ein "anbefalt til deg"-kategori som hentar filmar frå dei "tag"-ane du har vore innom. Dette er eit strategisk val for å fange brukaren inn i den filmklipp-labyrinten, der du heile tida trykker vidare på "forslag". Her er hensikta at brukerane skal kunne søkje opp alt dei treng. At alle på nettet kan laste opp og produsere, muleggjer dette.

Universal usability
Ben Schneiderman, ein pioner på menneske-datamaskin-interaksjon, har definert universal usability-omgrepet på denne måten:

"enabling all citizens to succeed using communications and information technology in their tasks"

Som du skulle sagt det sjølv? Legg merke til at ein opplever suksess i å bruke teknologien, og ikkje suksess i sjølve teknologien. Fokuset er brukbarheita (usability). At denne brukbarheita er universell betyr at den skal vere brukbar for alle og einkvar. Dette stiller krav til universell utforming.

Veit du?

Eg skreiv faktisk "tilgjengeleg for alle og ein kvar", før eg endra til brukbar for alle og einkvar. Det er nemleg her forskjelen ligg.

Accessability (frå eng: tilgjengelegheit) handlar om at noko er tilgjengeleg. Ei nettside er til dømes tilgjengeleg om du har Internett-tilkopling, mus og tastatur.

MEN

Usability (frå eng: brukbarheit) handlar om at du på ein føremålstenleg måte klarer å bruke denne nettsida same om du har dysleksi, anoreksi eller kugalskap.

Eg trur universelt design byggjer på dette. Det trur Wikipedia også. Nettstaden eller -sida skal ha ein attraktiv utsjånad, og samstundes vere behageleg og lett å bruke (Universell uforming - krisesøk).



One Love.

fredag 4. februar 2011

RusCast - Gruppe 2

Oppgave til Samlingen (miniproduksjon)

Dere skal som gruppe produsere et hørespill (i radiosjangeren) som en podcast

Prosjektplan - samling 1: RusCast

Problemstilling: Hvordan lage et hørespill som gjennom personifisering av rollefigurer kan øke bevisstheten hos elever på ungdomstrinnet i forhold til konsevenser ved misbruk av rusmiddel.

Produktmål: Et hørespill som gjennom personifisering av rollefigurer kan øke bevisstheten hos elever på ungdomstrinnet i forhold til konsevenser ved misbruk av rusmiddel.



torsdag 3. februar 2011

Trollcast - Podcasting med Podbean via RSS.

No har eg oppretta min eigen Podbean-konto. Podbean er ei teneste som tilbyr podcasting på nett. Podbean-sida mi er: http://vattkimd.podbean.com/ . Eg skal no vise eit arbeid eg har gjort. Eg har tatt opp lyd saman med min gode venn Trollkastar. Vi har tatt det opp i programmet Audacity som eg tidlegare har prata om (lydopptak). Så har eg oppretta ein Podbean-konto. Som var så lett at ein kan grine (men det syns ikkje Trollkastar noko om, så eg sparar meg for den). Etterpå lasta eg berre opp mp3-fila i podbean, og vips: ein avspelar rett på bloggsida på Podbean. Eg klikka på embeddable player, og limte inn script-koda i bloggen her. Dette er resultatet i min podcat-weblog (pluss at Trollkastar ønska ein storyline. Alle gode produkt har ein story, seier han).

Trollet synest av og til det er einsamt å vere åleine. Då er det godt å ha nokon å snakke med når ein kjem heim frå ein lang dag i fjellheimen. Og på tunet sit katten, nett som Olav H. Hauge skildra i diktet om "Katten".

"Katten

sit i tunet

når du kjem.

Snakk litt med katten.

Det er han

som er varast i garden."


Olav H. Hauge "Dropar i Austavind" frå 1966.

Tolkinga i podcasten er av "Trollkastaren".



mandag 24. januar 2011

Lydproduksjon: Eit steincast ifrå.


(Nerval 2007, Wikimedia Commons)

Lydproduksjon er spennande. Særskild når det er digitalt. Då eg var yngre hadde vi kasettar i staden for CDar. På desse kunne ein ta opp lyd på. Ein kunne til dømes kople til ein microfon og synge, medan knappen "Rec" stod på. Då ville lydopptaket kome på den staden på kasetten som ein hadde spolt han på. Om ein ikkje hadde spolt heilt tilbake kunne ein få seg ein "kjipp" midt i avspelinga. Å ta opp lyd på kasett var gøy, særleg for oss ungane. Det å høyre seg sjølv ut av høgtalarane var artig. Men om ein skal sjå utviklingsmessig på dette, var dette berre byrjinga på korleis ein kunne ta opp lyd.

Med digital lydproduksjon opnar det seg fleire moglegheiter. Som med kasettspelaren kan ein ta opp, men ein kan lage meir avanserte produksjonar med varierte effektar og distribuere innhaldet på nettet. I DKL104 skal vi lære meir om podcast. Podcast er ein form for streaming, altså ein måte å distribuere eller formidle lyd. Det som er spesielt med podcasten er at den oppdaterar seg sjølv, medan streaming krevjer at ein er finn nytt innhald manuelt. Dette gjer podcasting lettvint og tilgjengeleg. Vi kan sjå podcasting som lyden sin RSS.

På bloggen framover håpar eg på å få gi dykk litt innblikk i progresjonen i å arbeide med lyd. Vi skal nytte eit verkty eg har skrive om før, Audacity. I arbeidet med produksjonen er vi som grupper spreidd over det ganske land (litt hyperbol). Vi treng å snakke med kvarandre, skrive til kvarandre og høyre kvarandre. Difor er Skype eit glimrande verkty. Her kan vi også ved hjelp av Pamela Call Recorder (eit tilleggsprogram i Skype), ta opp samtalane våre eller delar av dei. Dette kan kome til god nytte. Som felles lagringsstad skal vi nytte Dropbox. Eit program som held alle filene ein har bruk for synkroniserte mellom dei ulike teknologieiningane ein har sjølv, og Internett øvrig.

I denne prosessen med lydproduksjon er det viktig å ikkje gløyme dei overordna refleksjonane som må ligge bak arbeidet. Nemleg danningsperspektivet. Danningsperspektivet er som eg har skrive om før, avhengig av mediekompetansen til den einskilde elev. Vi må ta omsyn til at elevane har ulike føresetnadar når dei kjem til skulen. Dette gjeld også med bruk av IKT. Ein må difor som lærar følgje m.a. gratisprinsippet, så ingen elevar vert ekskluderte frå viktig læringsaktivitet. Ein må også søkje å konkretisere og forenkle, særleg på lågare trinn, prosessane i arbeidet, så det er overkomeleg. Difor er prosjektarbeidsmetodikken ein klok framgongsmåte. Her avgrensar ein ei problemstilling frå eit stort tema. Arbeidet vil difor i større grad vere realistisk og overkomeleg.

Som døme på ein vellukka podcast for læringsarbeid, må de sjå ESLpod. Det er ein podcast med fleire hundre lydfiler, der eit doktorteam har laga ein online læringsressurs for menneske som har engelsk som framandsspråk, og derav: "- English as second language podcast". Her kan de høyre lydfiler der samtaletempoet er senka, og artikulasjonen auka. Setningane og orda blir forklart nøye. Det er på denne måten ein nyttig læringsressurs. Dette er noko av målet med DKL104. Det å nytte verkty som podcast i læringsarbeidet for å nå måla i dei respektive faga i skulen på ein måte som engasjerer born og unge, og som er å finne i den digitale kvardagen dei sjølv vankar i.

mandag 17. januar 2011

Prosjektarbeid: Øving gjer meister.

Termen prosjektarbeid vert ofte noko misbrukt i daglegtalen. Ein gløymer at å prosjektarbeid er ein metodikk som didaktisk vert nytta med fleire kjennteikn enn berre at ei gruppe samarbeidar om ei gruppe. Til dømes: Per, Pål og Espen Thoresen Hværsaagod Takkskalduha får i oppgåve med læraren å saman lage eit A3-ark med tankekart over digitale gjenstandar dei er i kontakt med i løpet av ein kvardag. - Er dette prosjektarbeid? (og meir spesifikt: prosjektarbeidsmetodikk?).

I boka Prosjektarbeid - en veiledning for studenter vert prosjektarbeid definert som: "Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert,
engangsarbeid. (Andersen og Schwencke, 2001 s.11). Vi ser her at dømet ovanfor ikkje er eksplisitt på noko anna enn at dei tre eventyrheltane samarbeidar.

Vi har difor fått nokre kjenneteikn for prosjektarbeidsmetodikken:

1. Problemorientert
2. Tidsavgrensa
3. Resultatretta
4. Samarbeidsbasert
5. Eingongsarbeid.

Vel, 1/5 er vel ikkje så gale for Per, Pål og Espen Thoresen Hværs......, tenker du kanskje? Hm..

Nyttårsforsettet mitt, å nytte meir opphavsklarert eller sjølvlaga materiale i bloggen, prøvar eg å halde ved like. Eg har difor laga ei skisse av bambusrøret eg tok med heim som suvenir frå fantasireisa mi til Burkina Faso og hovudstaden Ouagadougou.

Med dette bambusrøret kan ein, på grunn av dets fenomenale anatomi, sile og filtrere ut det viktigaste. I Ouagadougou kan dette vere til dømes vatn, men innan prosjektarbeidsmetodikken kan dette vere prosessen frå eit stort og overordna tema til ei finmalt problemstilling som står tett med eit realistisk produktmål. For heile poenget er at problemløysinga skal vere praktisk gjennomførbar. Dette er ein viktig del av prosjektarbeidsmetodikken. Difor bør problemstillinga vere såpass avgrensa at det er gjennomførbart og realtistisk.

Om ein tek temaet "Digital kompetanse", som eg så mange gongar har vore innom på denne studiebloggen, er dette eit overordna og generelt tema. Eit prosjektarbeid om "Digital kompetanse" kan handle om så mykje. Om eg så vel "nettavis" som medieprodukt, har eg no funne ut dei to viktige komponentar i eit prosjektarbeid: Tema og produkt. Men eg treng også ei problemstilling, og denne må avgrensast og brytast opp heilt til dette prosjektet blir innanfor ei akseptabel tidramme, og dermed blir eit eingongsarbeid (jamfør kjenneteikna for prosjektarbeid).

Tema: Digital kompetanse.
Problemstilling: Korleis auke den digitale kompetansen.

No har eg funne ei problemstilling. Likevel er denne for generell til å lage berre eitt prosjektarbeid. Eg kan difor avgrense med å spørje "kven vi skal auke den digitale kompetansen til" ?

Ny problemstilling: Korleis auke den digitale kompetansen for lærarar i ungdomsskulen?

Men eg må få med meg medieproduktet i problemstillinga mi. Dette medieproduktet er heilt essensielt for at eg skal kunne ha eit produktmål, som kan målast.

Nyare problemstilling: Korleis kan ein auke den digitale kompetansen for lærarar i ungdomsskulen gjennom nettavis?

Men problemstillinga kan framleis verte meir konkret. Til dømes med kva verkemiddel ein vil oppnå auka digital kompetanse i nettavisa. Kva slags verkemiddel vil ein nytte for å nå dette målet?

Nyaste problemstilling: Korleis kan ein auke den digitale kompetansen for lærarar i ungdomsskulen gjennom nettavis med appellative verkemiddel?

I den siste, og endelege problemstillinga, har eg no lagt føringar for at nettavisa skal appellere til lærarar som målgruppe ved den visuelle utforminga og innhaldet øvrig. Vi har no eit produktmål, jf. Andersen og Schencke (2001: 29). Dette er eit forventa resultat. Og ein kan no ha ei forventing ettersom ein har skjært og koka ned det vide og breie temaet "Digital kompetanse".

(Porse 2007, Wikimedia commons)

Som vi har sett er vegen frå starten til slutten av eit prosjektarbeid ikkje av det kortaste slaget. Dette er noko av prosessen frå ein uslipt til ein slipt diamant, som eit "figure of speech" (talemåte/bilete).

Til slutt nokre utdjupande stikkord for eit vellukka prosjektarbeid:

* Presisere
* Konkretisere
* Planfeste
* Gjennomføre
* Måle
* Ferdigstille
* Dokumentere





Kjelder:

Andersen, E.S. og Schencke, E. (2001) Prosjektarbeid - en veiledning for studenter.
Bekkestua, NKI Forlaget.

Porse, S. (2007) Middle Age Road. Wikimedia commons: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Middle_Age-road.JPG [17.01.2010].

mandag 10. januar 2011

Mediedanning: Desperate Times, Desperate Measures

Mediedanning, kva er det? Om vi ser på biletet av denne katten her, er ikkje dette spesielt mediedannande oppførsel.


Wikimedia Commons: Bartel (2006).

Godt nyttår alle saman! No er eg tilbake for siste kapittelet av DKL 60 stp, nemleg DKL104.

I artikkelen Mot dysleksiens tidsalder? set Vettenranta søkjelyset på utanfråblikket som vert aktuelt i ein digital tidsalder, som opnar for ei dynamisk og fleirkulturell verd. Dette utanfråblikket eller perspektivet kallar Drotner (2003) for refleksivitet, og er grunnleggjande for den moderne danninga (Vettenranta, 2007). I forordet til boka Mediedanning og mediepedagogikk skriv Vettenranta om barndomsåra hennar med pietistisk og streng oppseding. Dei hadde ikkje fjernsyns i heimen, og medie generelt var ein uting. Dette fekk konsekvensar for mediedanninga hennar. Ein får på denne måten "sperrer" og dårlege kjensler knytta til media. I 2011 er born og unge på nett kontinuerleg. Med Wi-Fi på mobiltelefon og datamaskiner i fleire rom, kjem nyhendene, verda og menneska veltande inn i heimen. Dette fører til auka merksemd på temaet mediedanning. Eit døme på at medieutviklinga har påverka danninga er ulikskapen mellom interaksjonen på eit face-to-face-møte i røynda kontra eit face-to-book-møte via Internett. Det empatiske spranget er stort, seier Rasmussen (ifølgje Vettenranta, 2007).

Det glokale barnet i 2011, altså det barnet som lever i det lokale, men som det globale strekkjer seg til, treng mediekompetanse, peikar Vettenranta på. Artikkeltittelen nyttar mediedysleksi, medieblindskap, som kan sjåast i kontrast til mediekompetanse. Mediekompetanse definerer Vettenranta som "de kunnskaper, de ferdigheter og den kyndighet som er nødvendig for å tolke medier og medietekster gjennom analyse, evaluering og kritisk refleksjon" (2007: 18). Ho understrekar at dette ikkje handlar om eit einsidig dugleiksfokus, men "innsikt i maktspill i samfunnet, elevenes rolle i dette spillet og forståelse av det ansvar de har som mediebrukere" (ibid.). Denne mediekritiske haldinga, og danninga, er heilt essensiell for born og unge i dag, framhevar Vettenranta.

I artikkelen Krever medieutviklingen en ny dannelsetenkning? skriv Svein Østerud om danningsomgrepet som har utvikla seg frå å vere ei ein prosess der mennesket ervervar seg nedarva og oppsamla kunnskapar til ein meir aktiv prosess der mennesket er i dialog med sine sosiale og kulturelle omgivnadar (Østerud, 2007:34). Han problematiserer dei splitta haldingane på media i skulen der ein på den eine sida finn ein defensiv moralisme, som fordrar proteksjonisme for born og unge, og naiv teknologioptimisme, som seier "ja, takk" til alt teknologien har å by på utan den nødvendige kritiske refleksjonen. At dei ulike måtane å forhalde seg til mediedanning på kan ha med å gjere at mediedanning er eit forholdsvis nytt tema, og i stadig utvikling. Utviklinga har gått med rekordfart, og dei vaksne i samfunnet har ikkje hatt kompetanse til å hanskast med den. Dette har også føra til at unge har meir erfaring med mediekompetanse enn vaksne. Eit døme på dette er 11åringa på Facebook som har konto med fullt personvern og tryggleik, medan foreldra har opne profilar som kan synast av alle dei no 7 milliardar menneske i verda, ifølgje denne World Population-kalkulatoren. Dette er tankevekkjande.

Østerud (2007) føreslår å nytte danning som "new literacy" i eit samfunn prega av usemje og mangel på kunnskap i korleis møte dei nye problemstillingane. Samfunnet treng å ta innover seg at vi treng ei auka kyndigheit i dømmekraft når det gjeld korleis ein skal forhalde seg til dei nye utfordringane. Dette er både Vettenranta og Østerud samde i. Boka legg vekt på at vi må bevege oss frå "digital begeistring til kritisk dømmekraft" (Vettenranta, 2007: framside). Dette inneberer å diskutere digitale og pedagogiske problemstillingar på det høgste abstraksjonsnivået, refleksjon. Og gjerne metarefleksjon. Kva er ufordringane? Korleis løyser vi dei? Kva måtar kan ein løyse dei på? Korleis gi elevane i skulen mediedanning?

Dette er mange av dei spørsmåla som vil liggje til grunn i DKL104, når vi no skal drive avisproduksjon, podcast og videoproduksjon, som i stor grad er dugleiksbasert. Desse arbeidsmetodene fører til auka krav til tankar rundt mediedanning og mediepedagogikk. Som lærarar i skulen er vi pliktige til å engasjere oss i desse debattane. Ein kan ikkje springe frå realiteten.

Face it. Face book.

^^,


Kjelder:

Bartel, T. A. (2006) Computer-kitten. CC-BY-2.0 (www.creativecommons.org/licenses/by/2.0), GFDL (www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC-BY-SA-3.0 (www.creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/)], via Wikimedia Commons. Tilgjengeleg frå:http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/9/9a/Computer-kitten.jpg [Lasta ned: 10.01.1987].

Vettenranta, S. (2007) Mot mediedysleksiens tidsalder?. S. Vettenranta (Red.),
Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.

Østerud, S. (2007) Krever medieutviklingen en ny dannelsestenking?. S. Vettenranta
(Red.), Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk, Oslo.

Etiketter

1: øvingsoppgåve 1 (1) 2 øvingsoppgåve 2 (1) 9.2 øvingsoppgåve (1) A3 (1) audacity (1) beskjering av bilete (1) betre vurderingspraksis (1) bilete (4) blogg (1) bloggeruploader (1) cloud computing (1) data-ansvarlig (1) del av gruppeoppgåve (1) del og bruk (1) Design (1) digital (1) digital arena (3) digital kompetanse (2) digital kompetanse og vurdering (1) digital mobbing (1) digital plattform (1) digitale (1) digitale mapper (1) digitale tekstar (2) digitalplattform (2) DKL101 (12) DKL102 (16) DKL103 (11) DKL104 (12) dream team (1) Endring (3) forms (1) geotagging (1) google nettstad (1) google-skjema (1) gratisprinsippet (1) Gruppe2 (2) gruppeoppgåve (2) gylne snitt (1) Hensyn (1) Informasjonskompetanse (1) Informasjonskompetanse 2 (1) Informasjonskompetanse 3 (1) Kompetanseutvikling (1) komposisjon (1) kontrast (1) kontrastar (1) kutting av bilete (1) kvitebjørn (1) lenke (1) LMS vs. PLE (1) lyd (1) Lydproduksjon (1) Lydproduksjon 2 (1) læringsmiljø (2) Mappeoppgåve 1 (1) Mappeoppgåve 3 (1) Martin Luther King Jr. (1) media (1) mediedanning (1) Mediedidaktikk (1) mediepedagogikk (1) Medieproduksjon (1) midtstilt (1) mindomo (1) motiv (1) Nettavis (2) oppgåve 1 (1) oppgåve 2 (1) oppgåve 3 (1) opphavsrett (1) personvern (1) philippa lee (1) photosession (1) picasa (2) picnik (1) Podbean (1) produsering (1) Prosjektarbeid (1) publisert (1) redigering (2) refleksjon (1) rekneark (2) rekneark 2 (1) RusCast (1) Samling1 (1) sammensatte tekster (1) sjølvfotografert (1) slott (1) solnedgang (1) sosial web (3) splash (1) strategi og planarbeid (3) studentundersøking (1) sveits (1) sølepytt (1) tango (1) tankekart (1) Tekst (2) tenkeverktøy 1 (1) Tenkeverktøy 2 (2) Test (1) TPO (1) tredjedelsregelen (2) Trollcast (1) Ungdom (1) verkty (1) verktøy (1) Videoproduksjon (3) Vilkår for endring 2 (2) vurdering av basisdugleikar (1) øvingsoppgave 3 (1) øvingsoppgåve (9) øvingsoppgåve 1 (6) øvingsoppgåve 2 (2) øvingsoppgåve 3 (2) øvingsoppgåve 3b (1) øvingsoppgåve 4 (1) øvingsoppgåve 9.1 (1) øvingsoppgåve samling 2 (1) Øvingsoppgåver (3)